Sjå dei første bileta frå den norske Netflix-filmen «Royalteen»

Filmversjonen av boksuksessen «Arvingen» får premiere 17. august.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor sommar starta innspelinga av Netflix-filmen «Royalteen», som er basert på boksuksessen Arvingen av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug.

Halve kongeriket

Romanen er den første av fem bøker i serien Halve kongeriket. Serien følgjer Lena, som flyttar til Oslo og hamnar i same klasse som dei kongelege tvillingane kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe, og forelskar seg i kronprinsen.

Ines Høysæter Asserson, som vart Amandaprisnominert for spelefilmdebuten Harajuku, speler hovudrolla som Lena.

Mathias Storhøi, som er son til skodespelar Dennis Storhøi, speler Karl Johan.

Prinsesse Margrethe vert spelt av Elli Müller Osborne, som filmdebuterte i Erik Poppe sin Utøya-film og hausta lovord for si hovudrolletolking i Viaplay-serien Ida tar ansvar.

Mathias Storhøi i rolla som kronprins Karl Johan og Elli Müller Osbourne i rolla som prinsesse Margrethe i Netflix-serien «Royalteen». Foto: Netflix

Moderne Askepott-historie

I ei pressemelding sa regissør Per-Olav Sørensen i fjor at det trengst meir innhald for unge vaksne som viser kjærleik på autentiske, sjenerte, hjelpeløyse, sårbare og følsame måtar.

 Denne historia dekkjer mange relevante tematikkar for unge menneske i dag, og saman med min medregissør Emilie Beck håpar me å kunne formidla ei moderne kjærleikshistorie fylt med humor, sårbarheit og lidenskap. Denne moderne Askepott-historia er både fascinerande og underhaldande, seier han i pressemeldinga som er sitert i Rushprint.


Anne Gunn Halvorsen er medforfattar av ungdomsromanen Arvingen, om 17 år gamle Lena, som går på vidaregåande skule med kronprins Karl Johan og prinsesse Margrethe. Foto: Agnete Brun/Utsnitt av bokomslag. Montasje: Framtida