Arkeologar fann 8000 froskebein frå jernalderen

Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 27.06.2022 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I England skulle arkeologar nyleg grave ut ei busetnad frå jernalderen. Utgravinga var ein del av eit prosjekt for å betre vegen mellom Cambridge og Huntingdon, i nærleiken av landsbyen Bar Hill.

Her fann dei 8000 bein frå minst 350 daude amfibierifølgje Forsking.no. Skjeletta blei funne i ei 14 meter lang grøft og var i hovudsak frå vanleg frosk og padde. Dei fann også restar etter den meir sjeldne damfrosken.

Arkeologane klødde seg i hovudet: Kva i alle dagar har skjedd med desse froskane?

Først lurte dei på om froskane kunne ha blitt spist av menneske. Likevel var det ikkje teikn til kutt eller brennemerke på beina. Dei kan ha blitt kokt, men arkeologane som jobba med beina seier at dei trur dette er usansyneleg, skriv The Guardian.

Ein frosketragedie?

Forskarar har sett på mange teoriar om kva som har skjedd. Dei veit enno ikkje om froskane døydde på same tid. Kanskje budde det berre veldig mange froskar i dette området?

Menneska på denne plassen i jernalderen hadde avlingar. Desse avlingane kan ha tiltrekt seg biller og bladlus. Svoltne froskar kan då ha blitt tiltrekt at insekta.

Ei anna forklaring kan vere at froskane blei ramma av ein tragedie. I paringssesongen flyttar froskane seg i store grupper, og leiter etter passande vassdammar. Då kan ei stor gruppe froskar ha ramla ned i ei grøft og blitt sittande fast.

Francesca Bologna ved Museum of London Archeology seier til Forskning.no at dei har undersøkt froskane. Om froskane skulle ha blitt sittande fast i grøfta under paringssesongen, ville det berre ha vore vaksne forskar der. Arkeologane fann froskar i ulik alder – både unge og vaksne. Derfor trur ho at froskane har døydd på grunn av oksygenmangel i dammen på vinteren.

LES OGSÅ: Mange dyr på båttur manglar redningsvest

Denne hunden har på redningsvest. Det er det slett ikkje alle som har. Illustrasjonsfoto: Karsten Winegeart/Unsplash.com

Denne hunden har på redningsvest. Det er det slett ikkje alle som har. Illustrasjonsfoto: Karsten Winegeart/Unsplash.com