«Regnbogen sit bakom fjella og gret»

Sigrid Moldestad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Låten «Elske igjen», vart skriven etter skytinga i Orlando i 2016 og er republisert med løyve frå artist Sigrid Moldestad.

Sola går ned bakom åsen med eld
slik den gjer kvar ein kveld
men i natt
er noko rart

Songen frå fuglane lyder litt spakt
vindane har fortalt
at i natt
vart unge hjarter tatt

Regnbogen sit bakom fjella og gret
dansen den skulle ha vist har den
pakka ned

Men vi skal synge
og vi skal danse og vi skal elska og elska igjen
Og dei som ville
at alt vart stille
dei skal få høyre den songen igjen
og igjen

I natt ligg det nokon og gret i si seng
gret for seg og sin ven
og alle dagar
dei kjenner seg jaga

Regnbogefolket; eg sender mi trøyst
mi bøn og mi røyst
For ei natt
då skal du danse att

Tonen i meg og i deg ekje lik
Fargen vi ber på, er heilt unik

Det skal vi synga
Det skal vi dansa
og vi skal elska og elska igjen
Og dei som ville
at alt vart stille
dei skal få høyre den songen igjen og igjen