Denne merkinga skal motverke kroppspress

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå og med 1. juli i år må reklame med retusjerte personar merkast. Lova gjeld for alle typar reklame på alle plattformer. Det vil seie alt frå Instagram og TikTok, til reklamar på TV.

Berre fasong, ikkje farge

Den nye regelen gjeld alle formar for retusjering, inkludert bruk av filter der kroppsfasong, -storleik eller hud er endra. Brot på reglane kan føre til bøter.

Forbrukartilsynet seier i ei pressemelding at dei ønsker å redusere bruk av idealiserte kroppar som er retusjert i reklame. Målet med dei nye reglane er å motverke kroppspress, særleg blant barn og unge. Denne lova skal bidra til å bevisstgjere forbrukarar i alle aldrar om at reklamen ikkje alltid viser korleis personen ser ut i verkelegheita.

Regelen gjeld berre for retusjering av kroppsfasong, –storleik og hud. Om du endrar farge på hår, tenner, auge, augebryn, augevipper og kroppshår treng det ikkje å merkast. Men om du endrar fasongen eller størrelsen på noko av dette, må det merkast.

– Sjølv ansvarleg for rett merking

Forbrukartilsynet har laga ei nettside som skal hjelpe påverkarar og annonsørar i å handle i tråd med reglane.

– Vi skal rettleie både annonsørar og påverkarar om rett bruk av merket. Det er viktig at alle som lagar reklame forstår at dei sjølv er ansvarleg for rett merking, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet, i pressemeldinga.

Merket skal romme 7 prosent av bildeflata og må vere i kontrast til bakgrunnen.

LES OGSÅ: Raud Ungdom jublar for forslag om merking av retusjert reklame

Alberte Bekkhus er leiar hjå Raud Ungdom. Pressefoto.