Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva?! 

Gerda Norke ler høgt i telefonen. Framtida.no har slått på tråden denne torsdagsmorgonen for å fortelje at ho har vunne skrivekonkurransen om Identitet

– Førsteplass? Oh my god, mumlar 18-åringen til seg sjølv før latteren igjen ljomar i røret. 

Ho fortel at ho ikkje trudde ho kom til å vinne, men sende inn eit bidrag fordi ho måtte få noko av hjartet.

– Eg har budd i Noreg i ti år, men heimlengsel har vore ein stor del av kvardagen min og eg tenkjer ofte på det, forklarar ho.

– Ingen vil forstå utan å ha opplevd det sjølv

Gerda Norke flytta frå byen Plungé i Litauen då ho var ni år gammal, og bur no i Ålesund med familien sin. I vinnarbidraget har ho skrive om korleis ho lengtar attende:

«Eg elskar Noreg, landet er fantastisk på alle måtar og eg er takknemleg for moglegheitene eg har fått her. Men eg lengtar ofte heim. Besteforeldra mine, søskenbarna mine, huset vårt, byen min som blir vakrare i hovudet mitt kvar gong eg tenker på han, og smaken av «cepelinai» som aldri blir gammal.»

18-åringen fortel at dei reiste frå Litauen av økonomiske grunnar. Foreldra hadde fått lån og eigde leilegheit, men merka at pengane ikkje strekte til. På slutten av kvar månad var lommeboka tom, og dei kunne ikkje unne seg verken nye klede eller fritidsaktivitetar.

– Så dei overlevde, men hadde lyst på noko meir, seier Norke.

18 år gamle Gerda Norke er glad i heimbyen Plungé i Litauen, som ho lengtar tilbake til. Foto: Privat

Slik enda ho som niåring først opp i Fosnavåg, og seinare i Ålesund. Det var rart i byrjinga, fortel ho, med ein ny kultur og eit nytt språk.

Noko av det som overraska Norke mest då ho kom til Noreg, var at barn på skulen skreiv med blyant og ikkje penn. At alle måtte ta av seg skoa inne, og at ein måtte vere ute i kvart einaste friminutt.

– Eg opplevde kultursjokk, seier 18-åringen.

 Ingen vil forstå det utan å ha opplevd det sjølv – det å vere vekke frå heimlandet, og ikkje kunne vere med familien. Det var ofte tungt.

Vil skrive bok for innvandrarborn

Førre veke hadde Norke sin siste dag på Ålesund vidaregående skole, før eit friår truleg ventar.

Det var norsklæraren på skulen, forfattar Ann Helen Kolsås Ingebrigtsen, som inspirerte den nykåra vinnaren til å delta i konkurransen.

Juryen tykte teksten skilde seg ut ved å løfte eit originalt perspektiv, fleire fine skildringar og ved å svare godt på oppgåva.

Norke seier ho ikkje har skrive særleg utanom skuleoppgåver, men avslører at ho kunne tenkt seg å prøve seg som forfattar ein gong:

– Eg har tankar om så skrive ei bok ein dag om korleis innvandrarar – og særleg born – kjenner seg, ut frå mi eiga erfaring. For å vise born at dei ikkje er åleine, og det skal gå bra. Om dei vil ein dag, så kan dei fare heim.

18-åringen meiner det er eit perspektiv ein ikkje høyrer så mykje.

– Eg kjenner mange litauarar som bur her og har det bra, men det er noko i hjartet som alltid kallar heim. Det er rart å skildre. 

Gerda Norke og familien trivst godt i Ålesund, men det er ikkje Plungé. Sjølv om ho kanskje romantiserer kvardagen i den litauiske byen litt, når ho sit i sunnmørsbyen, så er ho fast bestemt på å flytte tilbake.


Omar Orhan Akhtar laga sin eigen sherwani til kandidatmarkeringa ved Universitetet i Oslo.