Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 27.06.2022 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ville sy ein sherwani som ein hyllest til ein av kulturane eg vaks opp i, fortel Omar Orhan Akhtar.

Han fullførte nyleg eit masterprogram ved lektorstudiet på Universitetet i Oslo, og studentane var inviterte til kandidatmarkering.

– Markeringa pleier å vere ganske formell, og eg var usikker på kva eg skulle gå i. Eg har lenge hatt lyst på bunad, men det var umogleg å skaffe på så kort tid, fortel Akhtar på telefon til Framtida.

I staden landa han på at han hadde lyst til å sy si eiga drakt.

– Unik oppleving

Sherwani er ei tradisjonell drakt frå Sør-Asia. Akhtar har familiebakgrunn frå Pakistan og Azad Kashmir.

Foto: Privat

– Eg er veldig glad i sherwanien. Eg har hatt ein trygg oppvekst med både den pakistanske og den norske kulturen og har kjent lite på usikkerheit knytt til kulturane. Eg føler at eg høyrer heime i begge, og eg er veldig glad i å vise fram den pakistanske kulturen som eg har vakse opp med. Eg er stolt over kulturarven som ligg i desse plagga, seier han.

Han fortel at han var litt uroa då han skulle møte opp på markeringa i heimelaga sherwani. Kom ein saum til å ryke? Kom ei erm til å falle av?

– Samstundes var det ei heilt unik oppleving. Det var kjempestas å dukke opp på ei så viktig hending i ei folkedrakt eg sjølv har sydd, med utgangspunkt i stoff og teknikkar som er unike for mitt eige kulturelle opphav. Det er ei legemgjering av ein del av kulturarven eg vaks opp med, seier han.

To forsøk

Akhtar har noko erfaring med symaskina frå før. Dei siste åra har han hatt mindre prosjekt, som babyklede, enkle t-skjorter og toalettmapper. Men han har aldri bryna seg på ei folkedrakt før.

– Eg sydde først ein annan sherwani som eg hadde tenkt å bruke. Den vart eg ikkje heilt nøgd med. Stoffet klødde litt, og den vart altfor tjukk og varm. Eg lét den henge i skapet i ei veke og prøvde den nokre gonger, men den vaks ikkje på meg, seier han.

Då var det ikkje anna å gjere. Han måtte sy ei ny drakt.

Tre dagar med sying

Akhtar fortel at det var vanskeleg å finne mønster, i og med at sherwaniar ofte er skreddarsydde. Han tok difor utgangspunkt i ei folkedrakt han hadde frå før, som passa godt.

Omar Orhan Akhtar laga sin eigen sherwani til kandidatmarkeringa ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Også stoffjakta tok han seg god tid med. Over ein periode på 8 månader tråla han pakistanske og indiske stoffbutikkar i Oslo for å finne dei rette.

Når alt var klart, tok det tre dagar med intens sying før sherwanien var ferdig. Akhtar sat mellom 8 og 10 timar om dagen, og vart ferdig nokre dagar før markeringa.

– Kjempestas

Akhtar fortel at han fekk veldig positive tilbakemeldingar under kandidatmarkeringa, både frå rettleiaren hans og mange medstudentar. Det var fleire han ikkje hadde snakka med på fleire år, som kom bort for å seie kor fine klede han hadde.

– Det var kjempestas. Mange hadde også på seg bunad. Eg er veldig oppteken av kulturelt uttrykk i form av folkedrakter, og det var fint å sjå så mange folkedrakter i lag, seier han.


Ei ny merkeordning frå EU favoriserer syntetiske tekstilar framfor naturmateriale i klesproduksjon. Det kan mellom anna få fatale konsekvensar for bunaden og andre tradisjonsplagg, ifølgje kulturhistorikar. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB / NPK