Førdefjord-aktivistar dømde til høgare bøter
Dei 18 Førdefjord-aktivistane som førre veke måtte møte i retten, er dømde til bøter på 12.000 kroner kvar i tillegg til sakskostnader.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Opphavleg fekk aktivistane bøter på 10.000 kroner kvar, men fleire av dei valde å ikkje godta bøtene og måtte derfor møte i Sogn og Fjordane tingrett.
– Vi visste heile tida at aksjonane kunne resultere i bøter, men det er verd det. Samtidig er bøtenivået kritikkverdig, sidan handlinga blir utført ut av nød, ikkje eit ønske om å bryte lova, seier Sunniva Marie Johansen Haugene i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Demonstrerer mot dumping i fjorden
Bøtene var for å ha hindra anleggsarbeid ved å lenkje seg fast i maskinene. Aksjonistane protesterer mot at selskapet Nordic Mining skal vinne ut titanmineralet rutil frå Engebøfjellet som ligg på nordsida av Førdefjorden i Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland.
Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden.
I alt vart 84 personar arresterte i samband med aksjonen mot anleggsarbeidet i byrjinga av mai. Fleire av dei som valde å ikkje godta bøtene sine ventar framleis på å bli stemna til rettssak.