Skal stoppa fleire tusen tonn klede frå å hamna på bålet

Eit nytt EU-forbod skal hindra at klede som ikkje vert selt i butikkane blir brent.

Janne Nerheim
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert hjå Framtida Junior.

Kvart år blir fleire tonn heilt nye klede og sko sendt til forbrenning, sjølv om det ikkje er noko feil med dei. EU-kommisjonen vedtok nyleg eit forbod mot å øydeleggja nye tekstilar og sko.

Stopp kjøp og kast

– Det er på tide å stansa “kjøp og kast”-modellen som skader planeten vår, helsa vår og økonomien, seier Alessandra Moretti, medlem av Europaparlamentet, i samband med presentasjonen av det nye vedtaket. Det skriv Verdens Beste Nyheter.

Store verksemder har to år på seg til å leva opp til forbodet, medan mellomstore verksemder har seks år.

Det er framleis uvisst kva som kjem til å skje med dei uselde kleda etter at forbodet kjem på plass.