Ikkje noko uvanleg
– Sprekken er eit brot i fjellet, og slike er det fleire av både på Mars og på jorda. Det må heller ikkje eit skjelv til for å produsera dei, seier Gupta. Han har jobba på Curiosity-prosjektet saman med NASA.
– Det er ikkje noko uvanleg i bildet, dette er berre heilt normale geologiske prosessar, fortset han.
Det er også komme fram at bildet er eit resultat av ekstrem zooming, ifølgje ein talsperson for NASA for faktasjekkingsnettstaden Snopes. Det viser seg også at sprekken i røynda berre er mellom 30–45 cm stor.
- Les også: NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet
Rare oppdagingar på månen
Dette er ikkje den første gongen menneska har oppdaga rare ting i verdsrommet. To av desse oppdagingane er blitt gjort på månen.
Seinast i fjor, oppdaga kinesiske astronautar noko som likna på ei hytte. Det skulle seinare visa seg å vera ei steinblokk.
Spolar me tilbake til 1977, oppdaga NASA sitt Viking 1-romfartøy noko som likna på menneskeansikt. Etter litt undersøking, viste det seg at det var snakk om store steinar som kasta ei uvanleg skugge.