Er dette ei «døropning» på Mars?

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du lese om babysjiraffen som fekk beinproteser og då eit eksperiment gjekk gale for fysikar Veronica (27).  

Er det verkeleg ei dør me ser på dette bildet? Og kan det vera eit bevis for at det er framand liv på den raude planeten?

Dessverre er ikkje dette inngangsdøra til romvesen på Mars. Professor Sanjeev Gupta i London, fortel til The Daily Telegraph at «døra» er der av naturlege årsaker.

Ikkje noko uvanleg

– Sprekken er eit brot i fjellet, og slike er det fleire av både på Mars og på jorda. Det må heller ikkje eit skjelv til for å produsera dei, seier Gupta. Han har jobba på Curiosity-prosjektet saman med NASA.

– Det er ikkje noko uvanleg i bildet, dette er berre heilt normale geologiske prosessar, fortset han.

Det er også komme fram at bildet er eit resultat av ekstrem zooming, ifølgje ein talsperson for NASA for faktasjekkingsnettstaden Snopes. Det viser seg også at sprekken i røynda berre er mellom 30–45 cm stor.

Rare oppdagingar på månen

Dette er ikkje den første gongen menneska har oppdaga rare ting i verdsrommet. To av desse oppdagingane er blitt gjort på månen.

Seinast i fjor, oppdaga kinesiske astronautar noko som likna på ei hytte. Det skulle seinare visa seg å vera ei steinblokk.

Spolar me tilbake til 1977, oppdaga NASA sitt Viking 1-romfartøy noko som likna på menneskeansikt. Etter litt undersøking, viste det seg at det var snakk om store steinar som kasta ei uvanleg skugge.