Changemaker: – Verdas fattigaste tar rekninga

Organisasjonar er kritiske til bruk av bistandsmidlar for å dekke Ukraina-kostnadar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I revidert nasjonalbudsjett legg Arbeidarpartiet og Senterpartiet opp til at staten skal bruke av det internasjonale bistandsbudsjettet for å dekke kostnadar for ukrainske flyktningar i Noreg.

Leiar i Changemaker, Naja Amanda Lynge Møretrø, meiner det er svært uheldig at regjeringa omprioriterer milliardar av bistanden for å finansiere ukrainske flyktningar i Noreg.

– Som følgje av krigen blir millionar av menneske dytta ut i fattigdom, og Noreg tener hundrevis av ekstra milliardar i olje- og gassinntekter, uttalar ho i ei pressemelding.

Ifølgje Dagens Næringsliv kan Noreg tene seks gonger så mykje på oljeeksport som vanleg på grunn av krigen.

– Resultatet er at samstundes som Noreg tener pengar på krigen, er det dei fattige som må betale rekninga for ukrainske flyktningar i Noreg.

Omprioriterer fire milliardar

– Krigen i Ukraina får globale konsekvensar. Talet på menneske på flukt aukar, og talet på folk som manglar nok mat, er rekordhøgt, uttalar utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim i ei pressemelding frå regjeringa.

– Sjølv om vi omprioriterer fire milliardar kroner som vi skal bruke til å ta godt vare på ukrainske flyktningar i Noreg, har vi eit rekordhøgt bistandsbudsjett, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Regjeringa føreslår difor å auke bistandsbudsjettet med 3,6 milliardar kroner, til 44,9 milliardar.

Regjeringa skriv at halvparten av den føreslåtte auken skal brukast til å sikre at ukrainske flyktningar som kjem til Noreg blir godt tatt imot. Dei føreslår vidare å omprioritere fire milliardar kroner innanfor bistandsbudsjettet for å finansiere auka flyktningutgifter i Noreg.

Møretrø i Changemaker synest det er bra at bistandsbudsjettet blir auka.

– Likevel er det fleire milliardar som blir omprioritert til mottak av ukrainske flyktningar. Resultatet er at verdas fattigaste tar rekninga i ein allereie ekstremt sårbar situasjon, understrekar ho.

– Uforståeleg

Dagleg leiar i Forum for utvikling og miljø, Kathrine Sund-Henriksen, synest det er uforståeleg at regjeringa vil bruke fire milliardar frå bistandsbudsjettet, og peikar på at FN-sjefen i går bad om auka fokus på dei globale konsekvensane av Ukraina-krigen.

– Dette er i realiteten eit kutt på fire milliardar til verdas mest sårbare. Norske kommunar blir no mottakarar av norsk bistand som skulle gått til verdas fattigaste som slit med aukande matvare- og drivstoffprisar, seier Sund-Henriksen i ei pressemelding.

Ho trekker fram at Verdsbanken nyleg åtvara mot at verda står overfor ein «menneskeleg katastrofe» på grunn av ei verdsomspennande matkrise som følgje av krigen i Ukraina.

Frå før har Forum for utvikling og miljø saman med over 40 andre organisasjonar bede om at ein krisepakke for Ukraina skal bli finansiert utanfor bistandsbudsjettet.

– Regjeringa har brukt fleire milliardar på krisepakkar dei siste åra. Det er heilt uforståeleg at Noreg i denne situasjonen ikkje skal kunne bidra med meir midlar, både til verdas fattigaste og flyktningane frå Ukraina, seier Sund-Henriksen.


Russlands president Vladimir Putin. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0