«Skriv nynorsk i dag  – på handlelista, i meldingar, på Messenger, TikTok, Twitter og Snapchat»

Tobias Christensen Eikeland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er det 137 år sidan jamstillingsvedtaket. Dette vedtaket slo fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vera jamstilte skriftspråk i skulen og det offentlege.

I høve frivilligåret 2022 har me i Norsk Målungdom, i lag med Noregs Mållag, valt denne dagen, 12. mai, som #nynorskdagen.

Eg er påtroppande leiar i Norsk Målungdom, ein ungdomsorganisasjon som mellom anna jobbar for nynorsken, og eg skriv nynorsk sjølv. Men eg kjem frå Oslo.

Når eg seier dette, ser folk ofte på meg som spørsmålsteikn. Og spør meg kvifor eg skriv nynorsk, og korleis det vart til at eg fekk den store interessa mi for nynorsk.

For når eg skriv «radikalt bokmål» passar det jo ganske bra med oslomålet mitt. Men det same gjeld ikkje dei fleste dialektene me har. Og språket mitt er ikkje berre dialekta mi, det er heile dialektmangfaldet. Det er historia til språket. Det er tinga som gjer norsk til norsk, og som skil det frå grannespråka våre. Då er det faktisk nynorsken eg kjenner størst tilknyting til.

Nynorsken vart utvikla for å vera eit nasjonalt språk, og har vorte eit språk som ein halv million folk nyttar, og som representerer heile det norske språket på ein framifrå måte.

Målet med nynorskdagen er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det.

Kanskje du kjenner at nynorsken kan representere språket ditt på ein betre måte enn bokmål? Sjølv om eg skriv mest nynorsk, skriv eg ein del bokmål òg. Men eg kjenner at det er lettare å uttrykkje meg på nynorsk.

I høve nynorskdagen oppfordrar eg difor alle til å skrive nynorsk i dag  – på handlelista, i meldingar, på Messenger, TikTok, Twitter og Snapchat – uansett kor flink du er til å bøye verb og substantiv, uansett kva karakter du får eller fekk i det, uansett om du har det som hovudmål eller ikkje, og uansett kva du synest om eigen sidemålskarakter.

For det er ikkje det det handlar om. Det handlar om å kjenne på språket for seg sjølv, kjenne på korleis det er å uttrykkje seg på ein litt ny måte.

Det var gjennom slik eksperimentering eg for fem år sidan oppdaga nynorsken att, fritt frå skule og oppgåver. Då fekk eg ei ny kopling til nynorsken, og fann det magiske i det.

Eg håpar at du gjer det same.

Til lukke med dagen!


Har du noko på hjarta? Send eit innlegg til TIPS(ALFAKRØLL)FRAMTIDA.NO


Illustrasjon Marie Murby