Natur og Ungdom vil trappe opp aksjon mot gruveprosjektet ved Førdefjorden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman har vel 40 aktivistar vorte arresterte i samanheng med aksjonane mot gruveprosjektet til Nordic Mining.

Natur og Ungdom opplyser at aksjonistar stansa arbeidet tysdag morgon, men politiet var på plass etter halvannan time. Organisasjonen opplyser vidare at dei planlegg å trappe opp aksjonane mot slutten av veka.

Selskapet Nordic Mining skal vinne ut titanmineralet rutil frå Engebøfjellet. Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden, noko som har utløyst kraftige protestar frå miljørørsla. Havforskingsinstituttet har åtvara mot å dumpe gruveavfall i fjorden.

Rutil blir hovudsakleg nytta til produksjon av miljøvennleg pigment eller som råstoff til titanmetall. Forskingsstiftinga Sintef har tidlegare anslått at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen som er anslått til å gå føre seg i 50 år.


Les også: Her blir Aleksander (19) arrestert – vil ta saka til retten

– Vår rett til å beskytte naturen er større enn Nordic Mining sin rett til å øydelegge han, seier Aleksander Snarheim etter å ha vorte arerstert for sivil ulydnad. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0