Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er jo ein stor del av leseopplevinga, å identifisera seg med den ein les om. Men eg har ikkje lese ei bok og tenkt: «Dette er jo meg!» enno.

Forfattar og publisist Kirsti Kristoffersen (36) har jobba i managementet til Marcus & Martinus og fleire av Noregs største tenåringsidol.

I år debuterte ho med bokserien Kjendiskjæreste, om Karoline som opplever at sommarkjærasten Mathias blir superstjerne i Norden. Det startar med Kjendiscrush, før andreboka Kjendiskjæreste og sisteboka Kjendisgossip.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Desse bøkene fekk Kirsti Kristoffersen til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Akkurat no er det «Unge Mungo» av Douglas Stuart. Eg elska «Shuggie Bain» av same forfattar og har store forventningar til denne, som kjem på norsk i mai.

Kva bøker les du helst?

– Eg elskar store, tjukke romanar som er eigne små verder eg kan busette meg i for ei stund. Til dømes «Samlede verker» av Lydia Sandgren, «Det åttende livet» av Nino Haratischwili og «Det beste av alle verdener» av Anthony Doerr.

– Elles likar eg å lese alt frå krim til feelgood-bøker og Young Adult, gjerne etter tips frå #Booktok. Tidlegare i år fekk eg dessutan ein liten hang-up på bøker om rydding! Utan at det vart så mykje ryddigare heime hos meg av den grunn.

Kor les du?

– Litt overalt, spesielt etter eg fekk meg ein Kindle som ikkje tek så stor plass i veska. På bussen eller medan eg ventar på nokon, til dømes. Men aller helst på takterrassen min i sola, med utsikt over heile Oslo.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Mamma og pappa las masse for meg då eg var lita, og det er eg så glad for. Det gjekk mest i Astrid Lindgren og Anne-Cath Vestly, om og om igjen.

Svenske Astrid Lindgren (venstre) og norske Anne-Cath. Vestly var populære i heimen då Kirsti Kristoffersen vaks opp. Foto: Ukjent og Rigmor Dahl Delphin

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Skyggebøkene av Maria Gripe hugsar eg veldig godt. «Mannen som elsket Yngve» av Tore Renberg vart eg heilt slått i bakken av energien og overskotet i. Og Harry Potter, herregud, kjem aldri til å gløyme den der intense ventinga på at neste bok i serien skulle bli gitt ut og kome i posten. Kvar gong var eg spent på kor tjukk den neste kom til å vere, og jubla høgt kvar gong det viste seg å vere ein skikkeleg murstein som ville vara lenge.

Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Kanskje «Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting, for det er ei av mine absolutte favorittbøker. Samtidig kunne ingen andre enn Lars ha skrive den akkurat sånn, så eg trur eg held meg til mine eigne greier.

Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg synest Ane Barmens «Pappa var nesten på Woodstock» har fått altfor lite merksemd, så eg prakkar den på alle eg tenkjer burde lesa den. Og det er mange, for den er skikkeleg fin, morosam og god.

Skodespelar og forfattar Ane Barmen (36) studerte kunsthistorie i Bergen og skulke mykje som 20-åring. Foto: Bente Kjøllesdal, Privat

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eg synest ei bok er skikkeleg god når eg ikkje har lyst til at ho skal ta slutt. Og så vil eg helst at det skal kile litt i magen, anten det er av spenning, forelsking eller boblande latter.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg ville invitert britiske Dolly Alderton, for eg synest ho er så innmari kul. Då skulle vi analysert «Sex and the City» og snakka om bøker og kjendisar og TV-seriar og podkastar, før eg hadde bønnfalle ho om å plis bli venn med meg.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Dette er eit kjempevanskelig spørsmål! Eg trur det må bli Lars Saabye Christensen, for det er han eg har lese og likt lengst. Heilt frå eg oppdaga «Beatles» då eg var tenåring, til «Byens spor»-serien no. Eg er veldig fan av han og måten han skriv på, det er alltid noko nytt å oppdaga i språket.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Det hadde vore utruleg kult om Kjendiskjæreste-bøkene vart filmatisert etter kvart. I rollene som Karoline og Mathias hadde det vore fint med nokon nye, uoppdaga skodespelarar, kanskje. Men Chrissy, som er ein kjent artist og programleiar i boka, må heilt klart spelast av Atle Pettersen. Dei liknar, til og med!

Artist og Beat for beat-programleiar Atle Pettersen fotografert i samband med fjorårets Melodi Grand Prix. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK


Foto: Tove K. Breistein / Omslag: Samlaget / kollasj Framtida.no

Kirsti Kristoffersen

  • Alder: 36
  • Frå: Vestfossen, men bur i Oslo
  • Utdanning: Tekstforfattar
  • Yrke: Publisist (det betyr at eg er ein slags manager for nokre av forfattarane våre) i Gyldendal.
  • Tal på lesne bøker i året: I 2021 kom eg for første gang opp i 100 bøker i Goodreads-appen! Det er det uhøgtidelege målet for 2022 også. Eg les og høyrer på eit par bøker i veka i snitt, men ganske mange av dei er knytt til jobben min.