John Kåre Raake har skrive manus til store katastrofefilmar. Sjølv har han ein svakheit for fantasy.
Fakta

Namn: John Kåre Raake

Alder: 59

Frå: Oslo

Utdanning: Art Director

Yrke: Forfattar

Kor mange bøker les du i året? 10-12

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg skal kome meg gjennom bok fem av The Wheel of Time-serien. Då kan eg byrje på bok seks, som betyr at eg berre har åtte bøker igjen av den serien!

Forfattar og teikneserieskapar John Kåre Raake er ein ihuga fantasy-fan, så påska skal brukast på å kome vidare i Tidshjulet-serien, som òg har blitt til ein TV-serie på Amazon Prime.

Katastrofefilmar, snekker Andersen og russisk atomubåt

Raake er kanskje mest kjent for å ha skrive manus til katastrofefilmar, som har blitt nokre av dei største filmsuksessane i norsk historie. Raake har skrive manuset til Gåten Ragnarok og til katastrofefilmane Bølgen og Skjelvet. Dei to siste skreiv han saman med Harald Rosenløw-Eeg.

Foto: Fantefilm Fiksjon / Nordisk Film Distribusjon

Men det er ikkje berre katastrofesjangeren Raake opererer i, han står òg bak manusa til folkekjære Snekker Andersen og Julenissen og Snekker Andersen og Julenissen og den vesle bygda som glømte at det var jul.

Omslag: Gyldendal

John Kåre Raake har òg laga ei rekkje teikneseriar. I 2019 debuterte han som forfattar med thrilleren Isen, som blei seld til 13 land.

No er han aktuell med si andre bok, Dypet, som handlar om den norske spesialsoldaten Anna Aune. Bakteppet for handlinga er at ein russisk atomubåt blei senka av amerikanarane under den kalde krigen, og no trugar gamle løyndommar under overflata og kan resultere i ein krig verda ikkje har sett makan til. Ein tematikk som ein må kunne seie dessverre blei veldig aktuell no.

Lat oss snoke i bokhylla til John Kåre Raake!

Omslag: Gyldendal Norsk Forlag // Vintage Classics // Aschehoug // Forlaget Lille Måne

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Bok 5 i The Wheel of Time-serien – skriven av James Oliver Rigney Jr. (under pseudonymet Robert Jordan).

Kva bøker les du helst?

– Har ein stor svakheit for fantasy, runda Ringenes herre-trilogien for 12. gong under pandemien og Game of Thrones for første gong.

Kor les du?

– Heime, tidleg om morgonen stort sett. For å inspirere meg sjølv til å skrive betre.

Kva for bøker vart lesne til deg som liten?

– Må innrømme at det hugsar eg ikkje.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Mitt navn er Asher Lev av Chaim Potok, for ho handla om ein ung mann som prøver å finne ein veg inn i kunsten frå eit veldig konservativt, religiøst miljø. Noko eg kunne identifisere meg med som teikne- og kunstinteressert oppvaksen på ein liten stad på ‘mørke’ Vestlandet, sterkt prega av mange strengt kristne miljø.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Foto: Alan Moore – Comic Vine via Wikimedia Commons

– Sidan eg jobba med teikneseriar i mange år: teikneserieromanen Watchmen av Alan Moore. Han gjorde superheltar til ekte menneske.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Veit ikkje kor undervurdert han er, men las om att Nattsvermeren (Silence of the Lambs) av Thomas Harris i fjor. Han skriv fantastisk.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– At ho engasjerer DEG og får deg til å tenke NYTT om noko du trudde du visste alt om!

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Frodo i Ringenes Herre  – eg vil helst sitje heime ved peisen, ete god mat og lese, eller skrive om store eventyr.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Jules Verne!

Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg har vel lese ei eller anna bok av J.R.R. Tolkien meir eller mindre samanhengande sidan eg var 15, så det blir han.

Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Isen – Anna Aune blir spelt av Ingrid Bolsø Berdal.


Dillon Helbig lurte den heimelaga boka si inn i hylla på biblioteket. Foto: Privat
Oppdatert: måndag 11. april 2022 10.25
ANNONSE