Svenske SKAM tilbyr rus-chat til sjåarane

Den tredje sesongen av Strula omhandlar rus, difor tilbyr SVT ruschat for sjåarane.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svenske ungdomsserien Strula kan minne litt om NRK-suksessen SKAM.

SVT-serien følgjer fiktive unge svenskar, men baserer seg på djupneintervju med ekte tenåringar for å sikre at han er relevant og truverdig.

– I researchen vår har vi merka ei meir liberal haldning til narkotika blant barn og unge. Skular, politi og ungdomskontaktar varslar om at det har vorte meir normalisert blant ungdom å teste narkotika, vape og bruke lystgass, skriv SVT i ei pressemelding.

Difor tek den nyaste sesongen av serien føre seg narkotika.

Tilbyr chat med skodespelarane og ekspertar

SVT Barn och Ung-redaksjonen peikar på at det ikkje nyttar å argumentere for kvifor narkotika er farleg, men at dei heller vil syne fram for sjåarane kva konsekvensane kan vere.

Medan serien vert sendt kjem SVT til å tilby sjåarane sin å chatte med skodespelarane frå Sturla og ulike ekspertar frå mellom andre barnerettsorganisasjonen BRIS og MariaPol.

– Med Strula vil vi, utan å påføre skam, opplyse sjåarane våre, styrke dei og gje dei verktøy og argument for å stå imot gruppepress. Men òg hjelpe dei å forstå at det finst løysingar sjølv når livet er vanskeleg og vaksenverda sviktar, skriv kringkastaren.


Torkel Eikevik fortel om vegen inn og ut av rusen. Foto: Privat