Sju ting du kanskje ikkje visste om Titanic

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 23.06.2023 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det heile 110 år sidan skipet Titanic blei slukt av bølgjene under jomfruturen sin. På veg frå Southampton til New York støtte båten på eit isfjell om kvelden 14. april 1912.

I løpet av morgontimane måndag 15. april gjekk Titanic ned, og meir enn 1500 menneske mista livet.

Hendinga er av dei verste katastrofane på havet i historia, og har påverka både samfunn og populærkulturen. Her er nokre av dei mest fascinerande faktaa frå historia.

1: Det tok 73 år å finne vraket

Ruinane av Titanic blei ikkje funne før over 70 år etter at skipet gjekk ned. Først i 1985 blei vrakdelane oppdaga. Det var Dr. Robert D. Ballard ved Woods Hole Oceanographic Institution i Massachusetts og eit lag med franske og amerikanske forskarar som lokaliserte vraket ved hjelp av ein undervassrobot.

Ballard leita eigentleg ikkje etter Titanic, men ubåtane «Tresher» og «Scorpion», som sokk på 60-talet under den kalde krigen. Den eine av ubåtane frakta mellom anna atomvåpen og det amerikanske forsvaret sette i gang ein stor aksjon for å finne dei. I staden for ubåtane, støtte Ballard på det mest berømte skipsvraket i historia.

Det som var dåtidas største passasjerskip sokk om lag 600 kilometer frå kysten av Newfoundland i Canada og ligg 3800 meters under vassoverflata. Då skipet sokk, delte det seg i to. I dag er det rundt 600 meter avstand mellom baugen og akterspegelen.

Baugen på Titanic fotografert under ein ekspedisjon i 2004. Foto: NOAA/Institute for Exploration/University of Rhode Island (NOAA/IFE/URI)

2: Titanic har to systerskip

Allereie før Titanic vart sjøsett var systerskipet Olympic på bølgjene. Skipet vart lansert 20. oktober 1910, men enda på skraphaugen berre 25 år seinare.

Det andre systerskipet, Britannic, fekk endå kortare fartstid. Det var berre operativt frå 1914 til 1916, då det vart sokke av ei mine.

Interiør frå Olympic, systerskipet til Titanic. Foto: William H. Rau og Robert Welch

3: Titanic vart ikkje omtala som umogleg å søkke

Då Titanic segla ut frå Southampton i april 1912 var det det største objektet som hadde gått på vatn nokosinne. Skipet var om lag 260 meter langt og nesten 30 meter breitt med i alt sju dekk.
Det er ein utbreidd myte at Titanic vart omtala som umogleg å søkke, når det i røynda vart omtala som praktisk talt umogleg å søkke, ifølgje The Royal Museum of Greenwich.

4: Titanic hadde symjebasseng og squashbanar

RMS Titanic skulle frakta både passasjerar og post frå England til USA, derav forkortinga RMS (Royal Mail Ship).

På turen over kunne passasjerane spele squash på eigne banar, ta tyrkisk badstove, trene i ein eigen gym, gå til barberaren og symje i eit symjebasseng, som aldri før hadde vore bygd om bord i eit skip.

5: To tredelar av passasjerane omkom

Ifølgje The Royal Museum of Greenwich hadde Titanic plass til 3320 personar om bord, men dei 20 livbåtane hadde berre kapasitet til 1178 passasjerar.

Skipet var langt frå fullasta, men det var likevel berre 705 overlevande og 1523 omkomne.

Kvinner og barn vart redda først, men også status spelte inn. Blant passasjerane var det betydeleg fleire som vart redda på første og andre klasse, enn tredje klasse.

Du hugsar kanskje skjebnen til den fiktive karakteren Jack frå storfilmen Titanic?

6: Den yngste overlevande var to år

Wikipedia kan ein finne lista over alle kjente passasjerar på Titanic. Nesten alle dei overlevande (675 av 705) var kvinner og barn.

Den aller yngste, britiske Millvina Dean, var berre to år då Titanic sokk. I 2009 døydde ho 97 år gammal.

Millvina og familien reiste på tredje klasse då dei skulle emigrera til USA. Far hennar fekk med seg samanstøyten og fekk varsla familien i tide. Både Millvina, mora og storebroren fekk plass i ein livbåt, medan faren omkom.

Millvina Dean fotografert under ei Titanic-samling i 1999. Foto: Stephen Daniels, Wikimedia Commons

7: Titanic sokk på under tre timar

Det skal ha gått mindre enn eitt minutt frå isfjellet vart oppdaga til det trefte skipet. Om lag klokka 23.40 den 14. april 1912 treffer Titanic isfjellet. Kaptein Smith kjem opp på dekk og kort tid etter kjem beskjeden om at postrommet vert fylt opp med vatn.

Titanic-forliset kort samanfatta:

  • Om lag 23.40: Isfjellet skrapar langs styrbord side av Titanic
  • Om lag 00:00: Livbåtane vert klargjort
  • Om lag 00:15: Det første naudsignalet går ut
  • Om lag 02:20: Akterenden av Titanic forsvinn i djupet

I nettleksikonet Britannica kan historienerdar lese dei dramatiske hendingane – minutt for minutt.


Foto: George Percival Baker/Falle i det fri, George Grantham Bain/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom