Ekstra sterke solstrålar denne påska – bruk solfaktor 30+

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fagdirektør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), Lill Tove Nilsen. Foto: DSA

– I område i Sør-Noreg med snø kan UV-strålinga denne påska komme opp mot det nivået vi normalt har midt på sommaren. Også i Midt-Noreg og Nord-Noreg vil UV-strålinga bli så høg at det er nødvendig å verne huda, spesielt der det er snø, seier fagdirektør Lill Tove Nilsen i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Saman med Kreftforeningen, Meteorologisk institutt og NILU, Norsk institutt for luftforsking, har DSA sendt ut ei rettleiing med tips før påskeferien.

– No på våren aukar UV-strålinga mykje frå dag til dag, og i påska og framover er sola sterk nok til å gjere oss solbrente på kort tid. Ein halvtime kan vere nok, seier Nilsen.

Smørjetips

Det blir åtvara om at vinterbleik hud lett blir solbrent, og at dette gjeld sjølv om du skal jobbe i hagen, er på fjellet, driv med båtpuss eller sit på kafé.

Ei undersøking Kreftforeningen har gjort i samarbeid med DSA, viser at éin av fem vart solbrent før dei rakk å smørje seg.

– Det er nettopp når du ikkje tenkjer at du skal sole deg, men berre vere utandørs, at du gjerne blir brent. Faktisk viser undersøkinga at det er meir vanleg å bli solbrent når ein gjer noko anna enn å sole seg, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.

Undersøkinga viser òg på at mange gløymer solkremen igjen heime.

– Oppmodinga vår er at solkremen skal vere like viktig å ha med seg som lommebok og mobil. Eller som Kvikk Lunsj og skismørjing, viss du er på fjellet, seier Ross.

UV-varselet for påska kan sjekkast på nettsidene til Institutt for luftforsking eller hos Yr. Førebels viser det at Sør-Noreg og Midt-Noreg får moderat stråling i område med snø, medan det blir svak/moderat stråling i snøen i Nord-Noreg. Utan snø blir strålinga noko svakare.

Oppsøk skugge

På Austlandet er det uvanleg lite snø både til fjells og i låglandet, medan det på Vestlandet, i Midt-Noreg og Nord-Noreg er store snømengder på fjellet. Snøen reflekterer solstrålane og kan auke strålinga med 50 prosent.

– Ved overskya eller disig vêr er det lett å tenkje at sola ikkje er like sterk. Men UV-strålinga blir ikkje dempa like mykje som lyset, og du kan bli både solbrent og snøblind viss du droppar solkrem eller solbriller, seier Lill Tove Nilsen i DSA.


Les også: Slik såg påska ut før i tida

Fire menn, vinterturister. Solbriller, fotoveske og sigar i munnen. Tittelen på biletet er Dager Derpaa! Påsken 1913. Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkive