Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påskeferie i solveggen (1902)

Påske 1902 – Foto: Carl Einar Riis-Johannessen/Oslo museum

Påske på Sarabråten (1903)

Ein nokså finkledd gjeng under påske på Sarabråten i Østmarka i Oslo påsken 1903. Foto: Ukjend/Byhistorisk samling, Oslo Museum

Sledetur (1910)

I Vestre Jakobselv, 2. påskedag, 28. mars 1910. Seks ungdomar på sledetur. Frå venstre: Gudrun Skogsholm, Mimmi Kjær, Eldri Øverdahl, Hildur Norvik, Ruth Møller og Mildrid Gundersen. Foto: Finnmark Fylkesbibliotek/Digitaltmuseum

Finse 17. april 1911

Påsketuristar på jernbanestasjonen på Finse. Dei er sportsleg reisekledde, i følgje skildringa i Riksarkivet. Namna på dei me ser er: Annikken, Johan, Carsten, Onsaker, Richard; Arnelien, Bernt; Aas, Elsa;Thaulov, Otto; Skjelling, Ferdinand. Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkivet – Finse 1911 17 April.

Sportsleg kledde påsketuristar (1911)

Påsketuristar på Finse, med tog i bakgrunnen. Dei er sportsleg reisekledde.
Namna deira er: Thalin, Magda, Hansia, Kræfting, Ingrid, Clara, Carsten, Manse, Richard. Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkivet Finse 1911 17 April.

Paa Finse 19 April Paasken (1911)

Påsketuristar på Finse. Magda, Sigrid, Conrad, Clara og Hansia.
Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkivet

Påskeski (1912)

På skitur i påskeferien. Foto: Carl Einar Riis-Johannessen/Oslo museum

Innekos (1912)

Påske 1912 – Foto: Carl Einar Riis-Johannessen/Oslo museum

Innekos (1912)

1912. Foto: Carl Einar Riis-Johannessen/Oslo museum

Heim frå rennet (1913)

Vinterturistar med ski utanfor hotellet, 1. påskedag 1913. Ein person tek av seg nummermerket festa med sikkerheitsnåler. Det har ikkje skjedd den store forskjellen på over 100 år. Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkivet

Dager derpaa (1913)

Fire menn, vinterturistar. Solbriller, fotoveske og sigar i munnen. Tittelen på biletet er Dager Derpaa! Påsken 1913. Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkive

Paasken marz 1913 paa Finse

Ei gruppe turistar framfor toget på Finse.  Foto: Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran/Riksarkivet

Hotell Mikkelsrud (1914)

Tre personer på ski framfor Hotel Mikkelsrud, ei lafta tømmerhytte på Ringsakerfjellet. Påsken 1914. Foto: Ukjend/Anno Domkirkeodden

Levajok fjellstove (1916)

På trappa til Levajok fjellstue, skjærtorsdag i 1916. Til venstre framme: Hans Gabrielsen. Kvinna med hund er Signe Solem. Foto: Finnmark Fylkesbibliotek/Digitaltmuseum

Dombås (1919)

Foto frå påsken 1919. Foto: Eyvind Botolfsen/Oslo museum

Skitur (1931)

Skiløparar i høgfjellet 1931. Foto: Norsk Industriarbeidermuseum/Digitaltmuseum

Musikk (1932)

Ukulele, barn og vaksne framfor det som ser ut til å vera ei hytte med gras på taket. Foto: Norsk Industriarbeidermuseum/Digitaltmuseum

Skimote (1934)

Sylvia Schou Wiese på Ekeberg Gård i Drøbak i 1934, der det var husmorskule.

Hyttekos (1935)

Påske på Majorslisetra, der to menn slappar av. Majorslia er namnet som blir brukt i bygda om garden Woldslien. Foto: Bjarne Wold/Maihaugen/Digitaltmuseum

Påsketur (1938)

Odd Moseng (født 9.9.1934) og Ole Moseng (født 3.6.1932) står på ski i Folldal, Hedmark. Bilete er truleg teke omlag 1938. Foto. Digitaltmuseum.no

Tinn (1940)

Ei gruppe menneske på skitur i fjellet tek seg ein pause. Foto: Norsk Industriarbeidermuseum/Digitaltmuseum

Moteriktig i 1947

Påskemoten 1947. Foto: Leif Ørnelund/Oslo museum

Påskehopp

Nyseter-rennet i Stenstilen, Ringsaker. Bilete er truleg teke mellom 1900-1960. Foto: Ukjend/Anno Domkirkeodden

Kino 2. påskedag 1950

Folk står i kø ved Victoria, Kinoenes Billettcentral på Karl Johan, for å kjøpe kinobilletter 2. påskedag. Kinoane i Oslo har vore stengt i heile påsken, og 2. påskedag er dei opne igjen. Dagen er difor ein stor kinodag. Folk er kledde i tidsriktige etterkrigsklede. FOTO: NTB / SCANPIX

Påskeutfarten

Sjusjøen i Ringsakerfjellet, lang rekke med parkerte bilar. Biletet er truleg teke i samband med påske eller Birkebeinerrennet. Foto: Ukjend/Anno Domkirkeodden

Majorstua (1951)

Skiløparar på veg til t-banen på Majorstua, mars 1951. Foto: Ukjend/Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek/Oslobilder.no

Klar for påsketur (1952)

Påskeferien tar til. Interiør frå Østbanen, mange menneske med ryggsekkar og skiutstyr.
Foto: NTB / Scanpix

Påskekos (1956)

Kanskje noko av det viktigaste, både då og no: Påskekosen! Dette er ei annonase for påskesnop frå 1956. Her ser me Freia med den klassiske Kvikk-lunsjen, Nidar, Bjelland, Dubonet. 
Foto: Ragge Strand/Riksarkivet

Østmarksetra (1955)

Østmarksetra i Oslo, påsken 1955. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og biliotek/Digitaltmuseum.no

På taket

Foto teke mellom 1930 – 1960. Fotograf: Håkon Prestkværn. Samling:Anno Domkirkeodden

Togtur 1957

Oslopåsken 1957. Med ryggsekkar, reiseradio og godt humør er det duka for ein god påsketur. Bilete er teke i ein kuṕé på Oslo Østbanestasjon (i dag: Østbanehallen). Frå v: Solveig Vendsbo, Aase Sande, Wenke Gulliksen og Brit Grønslet. Foto: Jan Nordby / NTB / SCANPIX

Polmak 1957

Tana, Polmak 1957. Foto: Finnmark Fylkesbibliotek/Digitaltmuseum

Påskereisande i 1959

Påskereisande med tog frå Østbanen, Oslo, mars, 1959. Foto: Dagbladet/Norsk folkemuseum

Jernbanetorget 1959

Billettkø til påsketoga, Østbanen, Oslo, mars, 1959. Foto: Dagbladet/Norsk folkemuseum

Påskeutfart 1959

Påsketrafikk, bilkø på Gjelleråsen, mars, 1959. Foto: Dagbladet/Norsk folkemuseum

Strømstad (1963)

Bilete frå Strømstad 6. april 1963. Nordmenn invanderer Strømstad på Skjærtorsdag. Tradisjonen starta etter krigen då Noreg mangla det meste av varer. Her trafikk-kaoset i gatene i Strømstad, og ein politimann passar på.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / SCANPIX

Snøskuterpåske (1969)

Menneske står på hyttetun i snøen ved loft på Sundet. Dei har på turantrekk, nokre har ski på beina og ein person sit på snøskuter. Doningen har reg.nr. H-11930 og ser ut til å vere av merket Arctic Cat polar 500 1962mod. Foto: Norsk Industriarbeidermuseum/Digitaltmuseum

Ungdom gjer seg klar for skitur (1971)

HARDANGERVIDDA Påsken 1971: Ungdom snører på seg skistøvlane klar til ein ny drømmedag i påskefjellet. Foto: Erik Thorberg / NTB / Scanpix