Dobbelt så mange kvinnelege jegerar

Kvinnedelen registrerte jegerar er no oppe i 15,5 prosent, mot 8 prosent for 20 år sidan. Vel 80 000 kvinner er registrerte som jegerar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnedelen har auka sakte men sikkert over lang tid, skriv Bondebladet.

Tala viser elles at det er blant dei yngre jegerane at kvinnedelen er størst. I aldersgruppa under 20 år, utgjorde kvinnene 19 prosent av dei som betalte jegeravgift, og i aldersgruppa mellom 20 og 30 år var delen på 17 prosent.

Likevel er det ikkje alle registrerte jegerar som jaktar. I jaktåret 2020/21 var det litt under 193 000 som betalte jegeravgift, og som dermed hadde lov til å gå på jakt. Av dei var 9,4 prosent kvinner.

Michelle Egelund (15) gledde seg stort til si første jaktoppleving hausten 2021. Ho fortel at det var skyteinteressa som påverka lysta til å bli jeger. Foto: Privat