Nosferatu: Det er sjeldan me får sjå gode gjenfortellingar no til dags
– Nosferatu er verkeleg ei ærleg hyllest til originalen, Dracula-romanen og den folkloren som inspirerte desse verka, skriv vår filmmeldar.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Tidsånda har mista smaken for sexy, mysteriøse og følsame vampyrar.
No vender me tilbake til dei klassiske vampyrane med deira bestialske form og oppførsel – langt unna det me er vane med å sjå i popkulturen. Dette kjem til syne i Robert Eggers sin Nosferatu (2025).
Nosferatu
Nasjonalitet/språk: USA
Regi: Robert Eggers
Noregspremiere: på kino 3. januar
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: gotisk skrekk
Filmlengde: 132 minuttar
Eg blei heilt oppslukt
Basert på den klassiske, uoffisielle Dracula-filmatiseringa Nosferatu (1922), er denne forteljinga skreddarsydd for Eggers. Han er kjend for filmar som The Witch (2015) og The Northman (2022). Begge er prega av ein mørk, melankolsk og forunderleg atmosfære, slik som i Nosferatu.
Castinga er imponerande. Lilly-Rose Depp er fenomenal i rolla som Ellen Hutter – ho leverer ein rå, intim og grotesk framføring som eg ikkje har sett maken til i skrekkfilmar på lenge. Eg blei heilt oppslukt.
Ikkje frykt – dette fungerer godt
Dessutan er Bill Skarsgård heilt perfekt som Grev Orlok. Skarsgård har perfeksjonert arketypen for nifse, menneskeliknande karakterar og tilfører Grev Orlok eit nytt liv.
Mange som har sett tidlegare versjonar av Nosferatu kjem kanskje til å stussa over karakterdesignet i Eggers sin versjon, men ikkje frykt – dette fungerer godt. Eggers har gjort ein grundig jobb med å byggja mytologien bak Grev Orlok og hans ungarske arv. Dette kjem til uttrykk både i karakterdesignet og i resten av filmen.
Rollebesetninga elles stiller sterkt med Nicholas Hoult, Aaron Taylor-Johnson, Willem Dafoe og Emma Corrin.
Vanskeleg å ikkje samanlikna
Eg må understreka at eg er ein stor fan av Werner Herzog sin nyversjon av Nosferatu frå 1979. Difor var det vanskeleg for meg å ikkje samanlikna dei to filmane, og forskjellane mellom desse versjonane er for store til at eg kan elska Eggers sin versjon – noko eg verkeleg håpte på.
Likevel betyr ikkje dette at Eggers sin Nosferatu ikkje levde opp til dei høge forventningane filmelskarar hadde for han. Det gjorde han absolutt.
Filmen har si eiga identitet, ulik tidlegare , noko eg set stor pris på.
Ei ærleg hyllest til originalen
Den visuelle stilen er i ein klasse for seg sjølv. Kvar scene er fylt med utruleg mykje visuell forteljing med Jarin Blaschke bak kinematografien.
Frå dei kalde, blå tonane i scenene med Ellen (Depp) til dei makabre bileta frå greven Orlok sitt slott og skildringa av den ortodokse kristne lokalbefolkninga utanfor, pryda med kulturelle motiv i bakgrunnen – filmen er ei visuell oppleving som verkeleg er verd å få med seg.
Ein kjenner tydeleg at Eggers har lagt sjela si i manuset til Nosferatu. Han tek med alle elementa me elskar med den originale filmen, men set sin eigen vri på forteljinga ved å utdjupa karakterane enda meir, spesielt kvinnekarakterane.
Eg set stor pris på at Ellen får meir plass i handlinga og meir autonomi. Dette gjer forholdet hennar til greven Orlok endå meir intimt og handlinga rikare.
I tillegg tilfører Eggers mykje spennande mytologi til historia og set det okkulte i sentrum av handlinga. Nosferatu er verkeleg ei ærleg hyllest til originalen, Dracula-romanen og den folklore som inspirerte desse verka
– Det minst engasjerande elementet i filmen
Å byggja ei rik historie rundt karakteren Orlok er eit tviegga sverd. Me veit så mykje om han at han endar opp som mindre mystisk og skummel. Det skumlaste monsteret er ofte det ein ikkje ser, og i Eggers sin versjon ser me so mykje av Orlok at han nesten endar opp som ein «monster of the week»-karakter. Dette gjer han til det minst engasjerande elementet i filmen, sjølv om historia hans er spennande.
Det er sjeldan me får sjå gode gjenfortellingar no til dags, men Eggers overgår alle forventningar og skaper ein spektakulær versjon av Nosferatu som strålar med nyskaping og kjærleik til det originale verket. Det må han og resten av dei som bidrog til filmen, få ros for.