Eriksen valde å satsa på musikken, og etterpå sleit han lenge med å sjå bestefaren sin i augo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då David Eriksen (54) var 20 år, hadde han akkurat spelt inn si første plate, med bandet I.C. Eyes. I tillegg jobba han som DJ på ein klubb i Oslo.
– Samtidig jobba eg gratis i eit lydstudio for å læra, og betalinga var gratis studiotid på natta, fortel han i ein e-post til Framtida.no.
Skulle overta målarfirma
Som 20-åring hadde David Eriksen akkurat gått tre år som målarlærling.
– Planen til familien var at eg skulle overta eit då ganske stort målarmeisterfirma.
Han droppa ut rett før sveineprøven, då han tok avgjersla om å satsa alt på musikken.
– Det var ei tøff avgjersle å ta, då eg skuffa bestefar min som hadde sitt firma. Eg sleit lenge med å kunna sjå dei i augo, men det vart difor også ekstremt viktig og stort for meg då plata kom ut.
Kjend som Idol-dommar
34 år seinare veit me at han greidde seg godt i musikkverda. I dag er David Eriksen låtskrivar og manager for artistar og andre, og kanskje har du sett han i hans eigen reality-serie «Alle elsker David».
Han vart rikskjendis då han i 2005 var dommar i TV-programmet «Idol».
Han har produsert musikkalbum for mellom anna Jorun Stiansen, Flava To Da Bone, Sichelle, Tone Damli Aaberge og a1.
Han har også skrive fleire låtar som har delteke i Melodi Grand Prix, og jobba for artistar som Lindsay Lohan, Paperboys og Jessica Simpson.
Michael Jackson og AC/DC
– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?
– Det var nok det å oppleva draumen om å få platekontrakt og gje ut album.
Kvardagen var generelt fylt av musikk. Eriksen var langt over gjennomsnittet interessert i alt som kom ut:
– Alt frå Duran Duran og alt nytt og spennande av UK-pop, til velproduserte album som Michael Jackson. Eg var også veldig svak for AC/DC og Kiss i den andre enden.
– Eg visste eg hadde teke ein risiko
20-årsdagen hugsar han ikkje så godt, men han hugsar kva han tenkte om framtida.
– Eg visste at eg skulle bli musikkprodusent, kosta kva det kosta ville.
– Eg visste eg hadde teke ein risiko med valet mitt. Eg tok opp lån til musikk- og studioutstyr når venene mine kunne tenke på bustadinvestering og anna. Det var ikkje smart, men samstundes så var det det som måtte til.
Den viktigaste personen i livet hans på denne tida var pappaen.
– Han (og mamma) støtta valet mitt. Dei hadde trua på at eg skulle gå all in og hjelpte meg med å få lån i banken for at eg skulle realisera draumane mine utan å eigentleg stilla spørsmål. Dei var berre rein, hundre prosent støtte. Det er ikkje kvardagskost.
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Stakkars deg som skal gå i så mange feller som den bransjen set deg i.
- Lurer du på korleis kvardagen til Jorun Stiansen var som 20-åring? Ho dreiv G-Sport i Vennesla og melde seg på Idol-audition