Støre om angrepet på atomkraftverk: – På linje med galskap
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fordømmer brannen ved atomkraftverket Zaporizjzja, og seier angrepet som førte til brannen, er på linje med galskap.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Støre seier Noreg følgjer med på utviklinga ved Europas største kjernekraftverk og seier beredskapen er god. Det er ikkje bekymring for atomnedfall i Noreg per no.
– Viss det skulle skje ei ulykke, vil det ta omtrent 48 timar før det kjem til Noreg, seier han til NRK.
Samtidig understrekar han at hendinga viser den totalt uakseptable karakteren på krigen.
– Det blir jo nok ei kraftig fordømming. Dette er jo på linje med galskap å angripe på denne måten, seier Støre.
Naudetatar i Ukraina melde at brannen i treningsbygningen til Zaporizjzja kjernekraftverk i Enerhodar vart sløkt klokka 5.20.