Bellona-Hauge om atomkraftverks-brann: – Jævlig alvorleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til fredag gjekk det føre seg kampar ved atomkraftverket Zaporizjzja, som førte til at det braut ut brann. Ifølgje ukrainske styresmakter vart brannvesenet skote mot då dei prøvde å sløkkje brannen, men ved 5.50-tida melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Det internasjonale atomenergibyrået IAEA stadfesta seinare at det ikkje var målt høgare nivå av radioaktiv stråling ved Zaporizjzja.

Hauge seier han likevel følgjer situasjonen med argusauge.

– Dette er jævlig alvorleg, seier Hauge til VG.

Bellona-leiar Frederic Hauge er bekymra for kampane ved Zaporizjzja. Foto: Terje Pedersen / NTB

Kan bli verre enn Fukushima

Stiftinga har i tre tiår arbeidd i Russland og Ukraina mellom anna med å klargjere tema rundt atomtryggleik og miljøforureining.

Hauge seier han òg er uroleg for lagringsbassenga som lagrar brukt kjernebrensel. Desse er avhengig av energi for å halde seg kjølige, men eit tilfeldig missil kan treffe og øydeleggje sirkulasjonen av kaldt vatn.

– Konsekvensane av å angripe eit slikt atomkraftverk … Ja, vi risikerer ei ulykke som kan svare til Fukushima, kanskje mykje verre, seier Hauge.

Fukushima-ulykka i Japan hende den 11. mars 2011, då landet vart ramma av eit jordskjelv.

160.000 måtte evakuerast og det vart oppretta eit avsperra område med ein radius på 20 kilometer rundt kraftverket. Det blir vurdert at minst 1.600 personar, mange av dei eldre, seinare døydde av fysiske og psykiske belastningar etter evakueringa.