Noregs smartaste junior

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med god margin vann David Tørre Asprusten frå Kviteseid (17) juniorklassa, som går opp til 26 år, i noregsmeisterskapen i quiz laurdag. Han slo då ho han på spøk kallar erkerivalen sin 46-35, av totalt 100 spørsmål.

– Eg hadde øvd på ein del teknikkar for å ikkje rote vekk poeng eg kunne ta, og er veldig fornøgd med korleis eg klarte det, smiler David, tilbake på Kvitsund gymnas etter ei intens Oslo-helg.

Ein god quizar veit ikkje alltid svaret på spørsmålet – men klarar likevel å få det rette svaret ned på papiret. Det er viktig å bevare roa og tenkje seg godt om – kanskje er det eit svar ein kan resonnere seg fram til?

Eit av spørsmåla i NM var kva bokstavane i GPTM, som er ei kåring av gode arbeidsplassar, tyder. David svara, utan å ha peiling, Great Places to Work. Så enkelt, så vanskeleg. Og så rett, viste det seg.

– Ein må alltid gjette noko. Og det er aldri lurt å skrive noko ein trur er feil. Då må ein heller tenke litt meir og gjette på noko anna, seier han.

PRØV FRAMTIDA-QUIZEN HER!

Bomma på visesongarar
Juniorane får dei same spørsmåla som seniorane, og blir også rangert saman med dei. Totalt hamna 17-åringen David med sine 46 poeng på 59. plass av 80 deltakarar. Det er han svært nøgd med. Dag Fjeldstad hadde flest poeng, 78 av 100. Etter dei hundre spørsmåla blir dei ti beste med i ein finalerunde.

Det er alltid nokre «plankespørsmål» blant dei hundre fyrste spørsmåla, forklarar David.

– Av dei enklaste spørsmåla var fløtekaramellen med namn etter ein eventurfigur, altså Smørbukk, og namnet på sverdet til kong Arthur, som er Excalibur. Og så bomma eg på nokre gamle visesongarar, men det er greitt, smiler David.

Eitt av dei mest vrine spørsmåla han fekk (og klarte) var dette:

– Kva er det mest folkerike landet i verda der hovudstaden også er den mest folkerike byen?

David tenkte gjennom dei ti mest folkerike landa i verda, og kom fram til at han trudde Jakarta, hovudstaden i verdas fjerde mest folkerike land, er den mest folkerike byen i Indonesia. Det stemte.

Les også: Quizkongen

Møtte QuizDan
I tillegg til sjølve konkurransen, var det også eit høgdepunkt å få helse på Dan Børge Akerø, programleiar i QuizDan på NRK.

– Han var veldig hyggjeleg og interessert i om eg skulle delta i kvalifiseringsrundane til fjernsynsprogrammet, seier David.

Og det skal han – både i Tønsberg og Skien. Fyrste runde er alt i oktober, så fram til då skal David skjerpe hjernen endå meir.

Og kanskje lese seg litt opp på eldre visesongarar.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

LES OGSÅ: Ta ein quiz – Bli smartare!