Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Zoroastrismen er ein av dei eldste religionane i verda som enno blir praktisert. Sentralt står profeten Zarathustra, òg kjend som Zoroaster, og tekstsamlinga Avesta.

Det er uklårt i kva grad Zarathustra er ein historisk person, og når han i så fall levde. Men sikkert er det at den zoroastriske skaparguden Ahura Mazda dukkar opp i iranske innskrifter frå 500-talet f. Kr., og etter kvart fekk ein sterk posisjon i det gamle persiske kulturområdet. I Sasanideriket vart zoroastrismen statsreligion.

Denne stordomstida for den persiske kulturen tok slutt kring 650 e. Kr., då islam for alvor byrja gjera seg gjeldande, og zoroastrane vart brutalt handsama. Mellom anna flykta ein del av dei til India, der dei i dag blir kalla parsarar.

Bilete av ei parsisk kvinne som går forbi ein av dei zoroastrisk relieffane i Mumbai, India.Foto: AP Photo/Gautam Singh

I heile verda finst det no truleg kring 120.000 zoroastrar, og av desse bur ikkje meir enn ca. 25.000 i Iran, der heilagdommane deira i stor grad er konsentrert i byen Yazd og provinsen med det same namnet.

Den heilage elden

Ein av dei er Atash Behram, det zoroastriske eldtempelet i byen. Elden som brenn her skal ha vorte tent av ein konge allereie i Sasanideriket, og det er ein av grunnane til at dette tempelet er av den aller heilagaste sorten. Bygget er riktig nok ikkje eldre enn frå 1930-talet, reist med støtte frå indiske parsarar.

Elden blir oppfatta som ein manifestasjon av Ahura Mazda, den gode og vise krafta som representerer den kosmologiske ordenen asha. Zoroastrismen har ein klår dualitet mellom godt og vondt, og det næraste vi kjem ein djevel er Angra Mainyu, ein fiende av livet og ein representant for kaos og øydelegging. Mennesket kan søkje seg mot det gode eller det vonde, og livet ein fører på jorda, får konsekvensar for livet etter dauden.

«Gode tankar, gode ord, gode gjerningar,» er eit velkjend motto i zoroastrismen, som forresten har ein større grad av likestilling mellom kjønna enn det som er vanleg i islam. Idear frå zoroastrismen har truleg påverka både religion og filosofi i vår vestlege del av verda.

Jord, eld og vatn er heilage element i zoroastrismen, og elden og vatnet er sentrale i samband med den rituelle reinleiken som tilbedinga i templa fordrar.

I Yazd er vatnet representert i eit basseng framfor eldtempelet. Elden her er påstått å ha seksten ulike kjelder, derimellom elden som kan fylgje av eit lynnedslag. Du må tilhøyre den zoroastriske religionen for å få lov til å gå heilt fram til flammane, men turistar kan sjå heilagdommen gjennom eit glas.

Tempelinngangen er pryda av symbolet Faravahar, vanlegvis tolka som ein slags skytsengel, og ei påminning om å leva eit moralsk liv der foreininga med Ahura Mazda er hovudmålet. Også iranarar av andre religionar nyttar Faravahar som nasjonalt og kulturelt symbol.

Foto: Bernard Gagnon/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Under open himmel

Fer ein litt ut av byen Yazd, kan ein sjå restane etter ei spesiell side ved den zoroastriske religionen. Her ligg eit såkalla stille tårn, dakhma.

I zoroastrisk lære er det ikkje riktig å forureine jord, eld eller vatn ved å gravleggje eller brenne daude menneske, eller senke dei ned i elver eller sjøar. Tradisjonelt har den daude difor vorte plassert utandørs i eit tårn, slik at gribbar og andre rovfuglar kan forsyne seg av kroppen. Når berre knoklane er att, blir desse plasserte i eit særskilt rom i midten av tårnet.

Tårnet i Yazd. Foto: Ggia/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

I dag er praksisen forboden i Iran, og det stille tårnet nær Yazd er berre eit kulturminne. Men mellom parsarane i India finst det enno stille tårn som er i aktiv bruk.

Korleis hadde du sett på å bli lagt i eit slikt tårn når du er daud? Underskrivne finn praksisen vakker, men alle vil nok ikkje vera samde.

Religionsfridom?

Korleis står det så til med zoroastrismen i det moderne Iran? I lange periodar sidan framveksten av islam har zoroastrane vorte forfylgde og fordrivne.

Eit lite pusterom fekk dei i åra fram mot 1979, då Iran hadde eit vestleg-orientert, USA-støtta styre med kongefamilien Pahlavi i førarsetet: Dette regimet nytta zoroastrismen aktivt som ein nasjonalistisk kulturmarkør.

Eit måleri som skal syne fram hendingar frå Zarathustra sitt liv. Foto: Wikimedia Commons

Men det ekstravagante og elitistiske Pahlavi-styret mangla støtte i det breie lag av folket, og ein kraftig motreaksjon kom i form av den såkalla islamske revolusjonen i 1979 – ein revolusjon som diverre var dårleg nytt for zoroastrane.

Ei av dei fyrste handlingane til støttespelarar av det nye regimet, var å marsjere inn i det viktigaste eldtempelet i hovudstaden Teheran og byte ut portrettet av Zarathustra med eit av den nye leiaren, ayatolla Khomeini.

Det er ingen religiøse minoritetar i dagens Iran som har det lett, heller ikkje zoroastrane. Samstundes er det slett ikkje slik at alle iranarar er fanatiske muslimar; tvert imot har anonymiserte spørjeundersøkingar – riktig nok omstridde – synt at så lite som helvta av innbyggjarane i landet identifiserer seg med konservativ islam.

Etter lova har zoroastrane krav på eitt sete i det iranske parlamentet, slik den jødiske minoriteten har eitt, den kristne assyriske minoriteten eitt og den kristne armenske minoriteten to.

I tillegg har zoroastrismen enno ei viss kulturell særstilling som bindeledd til den persiske forhistoria, som folk i Iran med god grunn er stolte av.


Foto: Christels/Pixabay, Jean-Paul Laurens/Offentleg eigedom, Ukjend fotograf/Offentleg eigedom