Rådebank-effekt: Fleire vil bli billakkerar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har fått fleire meldingar frå jenter som har sett på Rådebank. Dei lurer på kva yrket handlar om. Nokre fortel at dei allereie har søkt på linja, seier Brekke Roe til NRK.

Rådebank skildrar bilmiljøet i Bø, og i tredje sesong av serien har Hege stor suksess som motivlakkerar. Sjølv er Brekke Roe den første kvinnelege noregsmeisteren i billakkering.

Dagleg leiar for opplæringskontoret for bilfag i Telemark, Rolf Thorkildsen, håpar dette kan føre til auka søknad til faget. Han fortel at rundt 20 prosent av lærlingane på bilverkstadene er jenter.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at berre er to prosent av bilmekanikarane er kvinner, sjølv om talet har auka frå 237 til 452 frå 2015 til 2020. Når det gjeld overflatebehandlarar og lakkerarar er kvinnedelen 6,7 prosent.


QUIZ: Sjekk kor mykje du kan om Rådebank

Kasper Antonsen spelar Nilsen i Rådebank, Odin Waage spelar GT og Matthew Rico Henriksen Santos spelar Kim. Foto: Max Emanuelson/Fenomen/NRK