«Rådebank» får svensk versjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Art & Bob Television har så vidt byrja å førebu planane for ein svensk versjon av serien, som heiter «Bø» på svenske strøymetenester.

Dei trur konseptet med rånarar, kjærleik og sorg saman med utforsking av psykiske helseproblem og usunne mannsideal kan fungere godt på svenske skjermar.

– Då vi byrja å sjå på «Rådebank», vart vi selde. Glenn-Tores fortaptheit saman med tematikken som vi begge brenn for, plassert i det litt uventa rånemiljøet, engasjerte oss frå første stund, og vi vart raskt samde om at vi ville ta med denne fantastiske historia hit, seier Hampus Nessvold og William Spetz i Art & Bob.


QUIZ: Er du ein Rådebank-ekspert? Ta quizen og sjekk kor mykje du hugsar! 

Kasper Antonsen spelar Nilsen i Rådebank, Odin Waage spelar GT og Matthew Rico Henriksen Santos spelar Kim. Foto: Max Emanuelson/Fenomen/NRK