Dette krevst for å verte astronaut

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 16.09.2021 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunne du tenkt deg ein arbeidsplass kring 400 kilometer frå jordas overflate? Likar du uniform? Vert du sjøsjuk?

Om du svarar «ja» på dei to første spørsmåla og «nei» på det siste, kanskje austronaut-yrket er noko for deg!

Til no har NASA 48 aktive astronautar, men tysdag annonserte den amerikanske romfartsstasjonen at dei skal tilsette fleire.

– Vi feirer 20 år med vedvarande nærvære på den internasjonale romstasjonen i låg jorbane i år, og vi er på randen av å sende den første kvinna og den neste mannen til månen innan 2024.

Det seier NASA-administrator Jim Bridenstine i ei pressemelding, og understreker samstundes at vi no er inne i ei utruleg tid for astronautar.

Mastergrad eller doktor?

For å verte astronaut i NASA lyt ein først av alt vere amerikansk statsborgar. I tillegg lyt ein ha ei mastergrad frå eit såkalla STEM-felt, og NASA godtek grader innanfor naturvitskap, fysikk, datavitskap, ingeniørfag og matematikk.

Om ein ikkje har grada på plass, kan ein kompansere på litt ulike vis. Du kan ha:

  • To år med Ph.D-arbeid i anten naturvitskap, teknologi, ingeniørfag eller på matematikkfeltet.
  • Fullført medisinstudiet, eller ei grad i osteopatisk medisin.
  • Fullført (eller kome til å fullføre innan juni 2021) eit anerkjent prøveflygar-program.

I tillegg må kandidatane ha minst to år relevant arbeidserfaring, eller minst 1000 flygetimar som pilot i eit jetfly.

Samstundes må du kunne oppnå perfekt syn – og briller er lov!

Dersom du kjem gjennom det første nålauget, så ventar ein internett-test som kan ta opptil to timar. Etter det byrjar intervjuprosessen.

Den komande romvandringsduoen Jessica Meir og Christina Koch. Foto: NASA/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– Du kan ikkje tilkalle røyrleggar i verdsrommet

Utover den faglege ballasten, er det også nokre andre ferdigheiter som er nyttige dersom ein skal verte astronaut.

I ein informasjonsvideo frå NASA fortel noverande astronautar kva dei meiner er viktig om ein ynskjer seg same yrket.

– Du kan ikkje vere i verdsrommet og ringe røyrleggjaren for å fikse doen din. Du kan ikkje vere i verdsrommet og ringe ein elektrikar for å fikse eit problem med det elektriske. Om ein skal koke det ned til noko enkelt, vil eg seie vi er alle mekanikarar, seier astronauten Matthew Dominick.

Samstundes som du lyt vere flink med nevane, bør du også vere nysgjerrig og god å samarbeide.

– Det er mykje som å vere eit godt barnehagebarn: Du lyt kome godt overeins med andre. Om du søler lim, ikkje søl lim igjen – lær av feila dine, seier astronauten Raja Chari.

Sist, men ikkje minst, sjølv om verdsrommet er endelaust, så kan ikkje det same seiast om romstasjonen. Har du klaustrofobi, så er ikkje astronautyrket noko for deg.