Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar godt at eg likte Et forsvar for kvinnenes rettigheter av Mary Wollstonecraft. Ikkje berre likte eg det ho skreiv, men at dottera hennar skreiv Frankenstein var også eit pluss.

Ida Kinden Jonassen tenkjer tilbake på bøkene som gjorde inntrykk på ho tenåra. Då las Jonassen fleire faktabøker enn ho gjer i dag, og Wollenstonecraft skåra høgt.

No les 29-åringen frå Stavanger mykje med dottera si, så det vert fleire barnebøker enn litteratur mynta på vaksne. Kor mange bøker det vert har ho ikkje noko tal på:

– Men bøker er viktig nok til at me har eit eige bibliotek-rom i huset, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Gjev ut bøker på både bokmål og nynorsk

Omslag: Kindex forlag.

Ida Kinden Jonassen vart nyleg nominert til Uprisen — årets ungdomsbok 2022 for Abnormium.

– Om du likar Harry Potter, så kjem du til å like denne her, sa nominasjonsjuryen då årets kandidatar vart presenterte.

Boka har Jonassen gjeve ut på sitt eige forlag Kindex. Det nystarta forlaget har til no berre gjeve ut den eine boka, men ho rommar både ein nynorskvariant og ein bokmålsvariant av fantasysoga. Det kjem også framtidige utgjevingar til å gjere.

Hjå forlaget forklarar Jonassen, som har ei mastergrad i pedagogikk og til vanleg er lærar, at det er lettare å lære seg ei ny målform om ein får støtte.

Om Abnormium noko sinne skulle verte filmatisert, vil ikkje forfattaren spekulere i kven som skulle teke fatt på hovudrolla:

– Eg kan ikkje heilt sjå føre meg kven det skulle vere som var Athea. Slik eg ser ho føre meg er kanskje ikkje likt som korleis lesarane tenkjer at ho er, forklarar ho.

Dette er bøkene som fekk Ida Kinden Jonassen til å grine, le, verte sint og tenkje. Omslag: Cappelen Damm, Aschehough Forlag

Vi har teke ein kik i bokhylla til forfattaren:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Hjerte for hjertet og Pinocchio (klassisk). To bøker ein til vanleg ikkje finn på same stad.

Kva bøker les du helst?

– Fantasy-bøker. Skrekkbøker. Litt krim. Litt fakta. Men aller helst bøker som tek meg inn i andre univers.

Kor les du?

– Mest på «biblioteket» heime. Av og til les eg medan eg går fram og tilbake i huset eller på tredemølla.

Kva bøker vart lesne til deg som liten? Og kven las?

– Mor mi las til meg kvar einaste kveld. Me las Gubben og katten, Kniserne, Bella og Gustav og endå fleire. Eg var med i bokklubb og, so det vart ein del bøker.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Kanskje Kniserne. Den er morosam, med særs uvanlege kapittelnamn.

Originaltittelen på Kniserne er The Giggler Treatment. Boka er skriven av den irske forfattaren Roddy Doyle. Foto: Jon Kay/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom. Kollasj: Framtida.no

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg trur det er mange bøker og forfattarar som er undervurderte. Men eg trur ikkje eg eller andre veit kven dei er. Bøkene me les er ofte dei same bøkene som «alle andre», og dei undervurderte får me liksom aldri heilt tak i.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Ei god bok er sånn at eg tenkjer på den heile tida. Både på kva eg har lese, og på kva eg trur skal skje vidare. Det er ei bok som har gode formuleringar som kan få meg til å le. Ei bok som inspirerer til å skrive.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Som vaksen veit eg ikkje. Men som barn var eg nok litt som Hermine. Skuleflink og glad i å ha rett.

Kva forfattar — død eller levande — ville du invitert på middag?

– Det hadde nok vorte Stephen King.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt — kva forfattar?

– Eg hadde kanskje aldri lese nokon gong meir fordi eg ikkje hadde greidd å ta eit val. Det er mykje Stephen King i bokhylla mi, men det finst so mange andre gode forfattarar òg.


Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40—50 kilometer å sykle ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat

Ida Kinden Jonassen

Alder: 29

Frå: Stavanger

Utdanning: Lektor (mastergrad i pedagogikk og lærar i norsk og engelsk). No på vaksenopplæring.

Yrke: Lærar.