Dette er årets artigaste dyrefoto

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior

– Det er veldig overraskande å sjå kor individuelt humor er, skriv Michelle Wood i ein e-post til Framtida Junior.

Vinnarbiletet frå 2021 heiter «Ouch!» – og det er nettopp slik det ser ut. Biletet av den uheldige silkeapa er tatt i Kina. Foto: © Ken Jensen / Comedy Wildlife Photo Awards 2021

Ho jobbar i Comedy Wildlife Competition, og nyleg kunne ho og kollegaane hennar offentleggjera vinnaren av årets artigaste bilete frå dyreriket. Den heldige vart stemt fram av eit panel av dommarar som er komikarar, fotografar, naturvernarar og tidlegare vinnarar.

– Panelet gir karakterar mellom 1–20. Me legg saman alle poengsummane og vinnaren er den som får flest poeng. Enkelt og greitt, seier ho.

Engasjerer og samlar publikum

Den morosame konkurransen vart oppretta i 2015, og i år er den sjette gongen han blir arrangert.

– Det heile starta då ein av medgründerane mine, Paul Joynson-Hicks, innsåg at morosame bilete var ein fin måte for å engasjera og samla publikum om eit felles mål – både å feira dyrelivet og kjempa for å ta vare på planeten vår, fortel ho.

Sidan den gong har konkurransen vakse seg til å bli ein global konkurranse. Kvart år får dei fleire tusen bidrag frå fotografar over heile verda.

NINJA: Vinnarbiletet i «Creatures of the land» heiter «Ninja Prairie Dog». Det ser ut som ørna blir ordentleg skremt. Foto: © Arthur Trevino / Comedy Wildlife Photo Awards 2021

Pingvinar er favoritten

Kva dyr som blir fotografert, er opp til den enkelte. Michelle Wood fortel at ho synest at det er vanskeleg å konkludera med kva som er det løgnaste dyret, men personleg set ho pingvinen høgt.

– Måten dei går på og gestikulerer til kvarandre på når dei er på land, er så utruleg artig. Og så hoppar dei ut i vatnet, og plutseleg blir dei vakre og grasiøse, seier ho.

SOMMAREN ER OVER: Dette biletet heiter «I guess summer’s over» og fekk førsteplassen i «Affinity People’s Choice» og i «Creatures of the Air». Foto: © John Spiers / Comedy Wildlife Photo Awards 2021

Tips til deg om vil ta gode dyrebilde: 

  • Det er faktisk utruleg vanskeleg å ta eit morosamt dyrebilde – du må vera veldig tolmodig, veldig rask og veldig heldig.
  • Ta med deg kamera eller mobiltelefonen din overalt, studer det du prøver å fotografera og bli kjent med rutinane til dyret.
  • I år har duer vore det mest fotograferte dyret i konkurransen vår. Det er hundrevis av dei i parkar og hagar – så hald augene opne!

Dette er ein rekonstruksjon av dinosauregget med embryoet. Illustrasjon: Julius Csotonyi/University of Birmingham