Andrea er tilsett som ny redaktør i Framtida.no

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har stort engasjement for Framtida-prosjektet, som handlar om å gje ei stemme til dei unge og auke nynorskdelen på internett, seier påtroppande redaktør Andrea Rygg Nøttveit.

Ho har vore tilsett i Framtida sidan 2013. Den gong vart ho tilsett som språkjournalist, før ho seinare vart redaksjonsleiar for Oslo-kontoret. Etter eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i Grønn Byggallianse, søkte ho seg attende til redaksjonen som redaktør.

– Framtida.no er ein unik arbeidsplass med dyktige og engasjerte journalistar, som eg gler meg stort til å koma tilbake til og utvikla vidare, seier Nøttveit.
Nyheitsleiar Bente Kjøllesdal er konstituert som redaktør for Framtida.no fram til 1. april.

Journalistikk som blir lagt merke til

Andrea Rygg Nøttveit tek over stillinga etter Svein Olav B. Langåker, som er tilsett som dagleg leiar i Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Han held fram som redaktør for Framtida Junior frå Stord-kontoret. Det er LNK som driv Framtida.no og Framtida Junior i samarbeid med ABC Startsiden.

– Det er veldig kjekt å få Andrea tilbake i redaksjonen som redaktør. Med den dyktige redaksjonen me har no, så er eg sikker på at framtida ser lys ut for Framtida.no, seier Svein Olav B. Langåker.

Langåker vart tilsett i 2010 for å bygga opp Framtida.no.

Avtroppande redaktør Svein Olav B. Langåker og påtroppande redaktør Andrea Rygg Nøttveit og konstituert redaktør og nyheitsleiar Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal (t.h.) i Framtida.no. Foto: Emilie Hansen

Sidan starten har lesartala auka jamt til 880.000 brukarar i løpet av 2021. I dag tel Framtida.no-redaksjonen fire tilsette, i tillegg til fleire dyktige frilansarar og skribentar. I 2021 har redaksjonen gjennomført fleire større journalistiske prosjekt. Fleire av dei er omtala i den redaksjonelle rapporten som Framtida.no la fram måndag.

– Aldri før har så mange av sakene våre blitt sitert i andre riksmedia som i år. Det viser at journalistikken vår blir lagt merke til, seier Svein Olav B. Langåker.
Framtida Junior hadde over 137.000 brukarar i løpet av 2021. Det er også ny rekord.

Stort behov

Andrea Rygg Nøttveit gler seg over at Framtida.no i stadig større grad vert brukt som ein ressurs i skulen, og meiner det er minst like stort behov for nettstaden i dag, som den gongen det vart starta i 2010.

– I åra etter 22. juli såg me at ungdomspolitikarar fekk ein større plass i media, men denne tendensen har diverre snudd. Det er uheldig at unge engasjerte har fått mindre spalteplass, særleg under koronapandemien, då dei representerer ei av gruppene som har vorte hardast råka. At unge framleis ikkje får den plassen dei fortener, viser at det er behov for ein plattform som Framtida.no, seier Nøttveit.