Venezuela sette ny verdsrekord i korps

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior

Konserten vart sett saman av El Sistema, som er eit landsdekkjande ungdomsorkester i Venezuela. Kvar musikar måtte spela i minst fem minutt, og dei fekk ikkje lov til å dela instrument, skriv Newsforkids.

Andres David Ascanio som var dirigent for orkesteret, oppfordra alle til å ikkje slutta å spela, uansett kva som skjedde.

– Ikkje stopp, sjølv om ein av strengene på instrumentet ditt ryk, sa han til dei.

Rekord-orkester

To hundre og femti vakter var spreidde rundt blant utøvarane, slik at dei kunne sikra at  reglane vart følgde.

Til slutt talde Guinness World Records at det totalt var 8.573 stykker i orkesteret. Det var nok til å ta ny verdsrekord!

Den førre rekorden vart sett i Russland, der eit orkester på 8.097 musikarar spelte nasjonalsongen.


Dette er ein rekonstruksjon av dinosauregget med embryoet. Illustrasjon: Julius Csotonyi/University of Birmingham