– Jula er for meg den mørkaste tida på året

Sultan Hadaddeen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Jeune.no, og er republisert med velvilje.

Jula er rundt hjørnet og eg har i det høvet lyst til å dele tankane mine rundt feiringa. For rundt seks månader sidan, delte eg store deler av mitt personlige liv, mellom anna gjennom ein Amnesty-kortfilm.

Jul var ein kjempestor tradisjon og feiring då eg budde med den kristne familien min, noko eg syntest var kjempegøy. Dei feira jul på grunn av historia bak feiringa, altså Jesu fødsel. Det er difor eg pleide å feire jul – men no er det annleis.

For meg har ikkje jul vore det same dei siste åra. Jul betyr ikkje det same for meg no lenger. Sidan eg måtte flytte ut i eiga leiligheit for tre år sidan, har eg aldri sett opp noko  juledekorasjon eller juletre.

Jul er den mørkaste tida i året for meg. Jula mi består av einsemd, sjalusi, mørke tankar, tårer og kjensla av tomheit. Jul hos meg vert feira åleine, i alle fall mesteparten av tida.

Ingen far og mor, ingen søsken, ingen besteforeldre og ingen søskenbarn å kjøpe gåver til. Heller ikkje gåver å legge under eit juletre eller ein familie å samle seg rundt spisebordet med. Slik har eg hatt det dei siste tre åra – og slik opplever mange jula.

For nokon er jul det beste dei veit om, men eg gruar meg til jul. Eg gruar meg til kor einsam jula vert for meg, eg gruar meg til å sjå alle venene mine sine «stories» fulle av feiringar, god mat, selskap og gåver.

For eg blir faktisk sjalu.

Sjalu for at eg ikkje får hatt ei god jul som dei fleste.

Eg gruar meg til kor einsam jula vert for meg

Eg er berre 18 år og kvart år håpar eg på å finne nokon eg kan feire jul med, nokon eg kan kalle for heim eller føle tilhøyrsle hos. Nokon eg kan få gleda av å kjøpe gåver til og nokon eg kan vere med under den grufulle tida. Ja, eg har vener som inviterer meg over på julemiddag, men kjensla er ikkje heilt lik – det manglar noko.

Kan du førestille deg at gjennom alle mine 18 år så har eg aldri hatt ein julekalender?

Kan du førestille deg at eg ikkje fekk lov til å feire jul i kjole og med sminke på?

Kan du førestillle deg å gråte kvar natt i juleferien fordi du aldri får oppfylt draumen om å ha ein familie å feire jul med?

Eg skriv ikkje dette for å få empati. Eg skriv dette slik at du innser kor heldig du er. Du som får feire jul med dei du er glad i, du som får ha ei fin julefeiring, og du som i det heile tatt får feire jul.

Ja, kanskje fekk du ikkje den gåva du ønskja deg, eller kanskje du ikkje er nøgd med alle gåvene du fekk.

Men eg vil minne deg på at du likevel er privilegert og heldig. Det bør du vere takknemleg for.

Fordi eg får diverre ikkje høve til å feire jul. Det er eit ønskje eg har kvart år, men det er ikkje lett å få til.

Ta vare på kvarandre, ver takknemleg for det du har og hugs at å få moglegheita til å feire jul er eit privilegium.


Sultan Hadaddeen er endeleg 18. Ho har alltid hatt eit håp om at når ho vert vaksen, vert alt betre. I dag er ho ei av dei kvinnene ho beundra då ho var lita som snakka høgt om å vera trans. Foto: Aida Mahmody / Amnesty