Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– [Eg] las veldig mykje meir då eg var yngre, kanskje 4-5 bøker i året. No begynner eg på ei bok her og ei bok der, men eg har ikkje fullført ei einaste ei i år.

Det fortel YouTube-ar Nellie Renate Krokstad på e-post til Framtida.no.

Løvetannbarnet

Er dei éi bok 28-åringen frå Gol kunne tenkt seg å skrive, så er det ein sjølvbiografi. Og det har ho nettopp gjort, for nyleg kom boka Løvetannbarnet ut.

Omslag: Egmont People

Den tek føre seg oppveksten til Krokstad, erfaringane i heimen og med barnevernet, og skildrar korleis ho lærte seg å handtere ADHD-diagnosen og si psykiske helse.

«Fortalt gjennom eit innhaldsrikt og personleg språk, gir biografien eit rørande innblikk i korleis Nellie har brukt kaoset inni seg og erfaringane sine til noko positivt. Det gjer ho til eit stort forbilde, og ein type forbilde ein treng fleire av,» skreiv Framtida.no sin meldar og rulla ein femmar på terningen.

Om boka nokosinne vert filmatisert, fortel Krokstad at hovudrolla er klar:

– Eg ville definitivt spelt rolla sjølv.

Framtida.no har teke ein kik i bokhylla til Krokstad: 

Omslag: Gyldendal

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

ADHD og samliv – Sverre Hoem

Kva bøker les du helst?

– Krim eller faktabøker om tema eg interesserer meg for. Som til dømes psykisk helse og diagnosar, om ADHD, angst, Aspergers og så vidare.

Kor les du?

– Dreg gjerne fram ei bok på lengre bil/togturar, eller på sengekanten.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten? Og kven las?

– Mamma las ofte frå gamle barnebøker som «Karsten og Petra».

Karsten og Petra-serien starta i 1992, då dei tre første bøkene «Karsten får ikke sove», «Petra begynner i barnehave» og «Karsten og Petra er bestevenner» kom. Bøkene er skrivne av forfattar Tor Åge Bringsværd og illustrerte av Anne G. Holt. Omslag: Cappelen Damm

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– «Grøsserne» som alltid stod i hyllene på biblioteket.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Ei spenningskurve! For meg med ADHD er det viktig at det skjer ting ofte, men ikke for ofte – då vert eg lei. Men det vert eg òg viss det tek for lang tid mellom kvar gong det skjer noko.

Om 28-åringen berre skulle lese bøker frå éin forfattar resten av livet, så hadde valet falle på krimkongen Jo Nesbø.

Men dersom ho kunne bede ein forfattar på middag, hadde det vore ei annan krimlegende som hadde fått invitasjonen, nemleg Unni Lindell. Og menyen for kvelden er klar:

– Ein skikkeleg god hamburger.

Unni Lindell har vunne Rivertonprisen for beste krim to gongar: i 2018 for boka «Dronen», og i 1999 for boka «Drømmefangeren». 
Foto: Heiko Junge / NTB


Poet Trygve Skaug ville invitert forfattar Halldis Moren Vesaas på middag. Foto: Paal Audestad/Cappelen Damm, Morten Krogvold/Aschehoug, via Orland/Wikimedia Commons

Nellie Renate Krokstad

Alder: 28

Frå: Gol i Hallingdal

Utdanning: Fagbrev i barnehage

Yrke: Influencar