«Kjære flybransjen i Noreg: Det er direkte flautt»

Elise Sørensen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten er basert på ein appell Elise Sørensen heldt under Nordisk ministerråd sitt arrangement om luftfart. 

Vi har ei framtid å redde, og klimamål å nå. Slik eg ser det finst det inga framtid der vi flyr like mykje som det vi gjer i dag.

Eg synest det er direkte flautt at Noreg har tre, relativt korte innanlandsreiser på toppen av Europas mest trafikkerte flystrekningar. Vi burde jo ta toget der vi har mogelegheit!

Likevel er det ikkje vala til kvar enkelt person som gjer den største forskjellen. Det er store aktørar som dykk som har reell påverknadskraft!

Vi i Natur og Ungdom meiner at det trengst ei endring i korleis vi tenkjer transport. Flyreiser burde vere supplerande, ikkje konkurrerande, med meir klimavenleg transport.

Gjere ingenting eller kutte avgangar?

Eg vil at de skal plassere dykk sjølve på ein skala frå 1 til 5 og rangere dykkar eigne klimaforpliktingar.

  1. Gjere ingenting.
  2. Investere i nullutslepp.
  3. Kutte i avgangar der det finst for lite setedekning.
  4. Kutte alle avgangar der det finst alternative, klimavenlege transportformer.
  5. Legge ned drifta dersom det ikkje er forsvarleg innanfor klimaavtaler.

Å reise med fly er noko av det minst energieffektive vi kan gjere. Vi lever faktisk midt i både ei klima- og ei naturkrise, og i ei verd der natur og energiproduksjon kranglar, så må faktisk flydrift vike.

Reise til Helsinki – buss og tog

Tog brukar berre ¼ av energien fly brukar. Det hadde difor føltest hyklersk og sjølvmotseiande for meg å reise med fly til Helsinki då eg skulle dit i samband med Nordisk ministerråd sitt arrangement Nordic COP26 Hub.

Eg var så heldig å få reisa dekt slik at eg hadde råd til å reise utan fly tur/retur Oslo-Helsinki. Eg var også veldig heldig som fekk ordna meg fri frå jobben min, og difor hadde mogelegheit til å bruke to dagar kvar veg på reisa til Helsinki.

Eg støtte på nokre problem, noko eg eigentleg berre synest er vakkert, men eg skjønnar at det ikkje funkar for alle.

Elise Sørensen var med direkte frå Helsinki med appell til politikarar, Avinor og SAS. Foto: Magnus Buer, Nordic Innovation.

Treng ei omstilling no

Men vi treng å begynne på ei omstilling til ei grønare framtid no, for det er ikkje lenge til det er for seint. 

Alle planar om ei tredje rullebane på Gardermoen bør verte skrinlagde. På lang sikt løner det seg jo ikkje å bygge ut flyplassar når framtida sine reiser i langt mindre grad består av reiser via lufta!

Det er slik som i petroleumsnæringa, vi treng ei omstilling no.

Når det gjeld satsingar innanfor flytrafikken skal vi så klart også satse på elektrifisering av fly. Men det er ikkje på reisene Oslo-Trondheim og Bergen-Oslo det burde verte gjort. Det er ikkje mogeleg før på alt for lang sikt, og det har vi faktisk ikkje tid til. Sats på elektrifisering av kortbanenettet! Det er faktisk der vi endå er avhengige av å bruke fly som framkomstmiddel.

Eg heiar på dykk, i god tru om at de lyttar og forstår oss i at klima og natur må kome først.

Det er vår felles framtid dette handlar om, og de er i ein spesiell posisjon, der de både har mogelegheita til og treng å gjere endringar som er heilt avgjerande.

Sjåast vi i ei grøn framtid?


Spire-nestleiarane kåra Palau sin president til klimatoppmøtets store helt fordi han helt ei sterk tale til verdsleiarane.