«Alle må få elske den dei vil – uavhengig av kjønn»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg trur dei fleste av oss veit at du ikkje sjølv vel kven du blir forelska i. Du blir kjend med eit nytt menneske, og før du veit ordet av det så greier du ikkje tenke på nokon andre. Er du heldig så liker personen deg tilbake. Alt du vil er å halde denne personen i handa, og rope høgt ut kor glad du er. Men du kan ikkje det. For du og dette mennesket blei fødde med like mange x-kromosom. Ja, du og dette mennesket er same kjønn, og derfor har de ikkje rett til å elske kvarandre.  

Kvifor er det blitt sånn? Kvifor gjer ein så vakker ting som å elska nokon deg til eit motbydeleg menneske? Det burde vore ei sjølvfølge at alle skal få elske den dei vil, uavhengig av kjønn. Men sånn er det dessverre ikkje. 

Ulovleg å vere homofil

I ein rapport frå ILGA 2020 står det den informasjonen at i 69 land i verda er det ulovleg å vere homofil. I Kamerun, Etiopia, Libya og fleire land kan du bli fengsla i opp til 5 år. Tonga, Sri Lanka, Jamaica og fleire land, 10 år i fengsel. 

I Malaysia må du sitte fengsla i 20 år. Og berre for å feste det i hovudet ditt, så er den strengaste straffa du kan få i Noreg 21 år i fengsel. Men lista ho går vidare. Uganda, Zambia, Bangladesh og Guyana og fleire land får du livstid i fengsel. I Nigeria, Somalia, Iran, Saudi Arabia og fleire land vil du få dødsstraff.  

7 prosent av Noregs befolkning har ei ikkje-heterofil legning. 3 av 4 kjenner nokon som er homofil eller bifil. Så dersom Noreg hadde hatt det same lovverket som mange andre land, ville sju prosent av befolkninga fått dødsstraff. Det er altså 372  960 uskyldige menneskeliv. Berre i Noreg.  

Dersom Noreg hadde hatt det same lovverket som mange andre land, ville sju prosent av befolkninga fått dødsstraff

Fortener ikkje hatet

Her i Noreg har me ytringsfridom, men det tyder ikkje at du kan trakassere andre. Prøv å sjå situasjonen frå eit anna perspektiv enn ditt eige. For dei menneska som er homofile, er ikkje homofile for å gå deg på nervane. Dei har ikkje som mål å gjere deg misnøgd. Og dei ynskte deg ikkje vondt, i det dei forelska seg i ein av same kjønn.

Er det då din jobb å fortelja dei kven dei kan elska og ikkje? Er det då rett, at du skal slenge ut drit til dei, fordi du ikkje liker å sjå to menn kyssa? Er det då rett at du skal skygge over lyset deira, fordi dei forelska seg i eit menneske som tilfeldigvis var det same kjønnet? Det kunne jo vore deg. Eg er 110 prosent sikker på at du ikkje hadde ynskt alt det hatet på grunn av legninga di.  

Eg kjenner sjølv mange menneske som ikkje er heterofile, og ofte fortel dei om ubehagelege opplevingar dei har gått igjennom på grunn av deira legning. Eg synest det er forferdeleg trist å høyre kva dei må gå gjennom, når eg veit at dei er så fantastiske menneske som ikkje fortener alt det hatet.   

Eg prøver alltid å tenka at verda er ein så bra plass, og at me ikkje må fokusera på det dårlege i verda. Men hatet mot desse uskyldige menneska kan eg ikkje oversjå. Godta at me menneske ikkje er like. Kjære dykk. Respekter andre sine legningar!


Sultan Hadaddeen er endeleg 18. Ho har alltid hatt eit håp om at når ho vert vaksen, vert alt betre. I dag er ho ei av dei kvinnene ho beundra då ho var lita som snakka høgt om å vera trans. Foto: Aida Mahmody / Amnesty