I den spanske kommunen Alfaz del Pi bur det over 2500 nordmenn, noko som utgjer Noregs nest største koloni.

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei seier til meg at eg er norsk fordi eg er blond, men eg er spansk. 

Det fortel 14 år gamle Ainhoa Marhaug når Framtida.no møter ho i den spanske kommunen Alfaz del Pi. I motsetnad til dei mange tusen nordmennene som har flykta til varmen frå kulda i nord, så er Marhaug fødd på Costa Blanca-kysten.

Ainhoa Marhaug er fødd og oppvaksen i Alfaz del Pi. Foto: Emilie Hansen

Når 14-åringen får kommentarar om at ho eigentleg er norsk, så ønskjer ho å seie i frå. Men ho går berre vidare, for ho er uroa over kva reaksjonar ho møter om ho svarar.

Og stort sett er folk hyggelege og hjelpsame.

Grandiosa på spanskekysten

I Alfaz del Pi bur over 2500 nordmenn, noko som gjer staden til ein av dei største norske koloniane i utlandetMarhaug fortel at det er mange som snakkar norsk i området, noko ho tenkjer er positivt.

– Her er også gater som er oppkalla etter norske byar, som Oslo og Trondheim, seier Marhaug.

I den spanske kommunen kan du bestille mat frå ein norsk meny, og lese avisa på norsk. Foto: Emilie Hansen

I kommunen kan ein finne norske kaféar, skular og bokhandlarar, og det er mogeleg å få tak i norske produkt som Grandiosa og makrell i tomat på supermarknaden.

Marhaug meiner den spanske kommunen er ein fin stad å bu.

– Eg føler meg ikkje tilknytta til Noreg, eg er fødd og oppvaksen her.

Blandinga av forskjellige kulturar gjer alt meir spanande

Dei spanske tenåringane Clara Ortoga (16), Amaris Bota (17) og Clara Cremades (16) bur også i Alfaz del Pi. Ortoga og Cremades har budd her heile livet, medan Bota flytta med familien sin til kommunen då ho var 8 år. 

Frå venstre: Clara Ortoga, Amaris Bota og Clara Cremades. Foto: Emilie Hansen

Alle tre set pris på å bu ein stad der det er så mange ulike kulturar.

– Det er fint å bu her, sidan ein får oppleve mange ulike kulturar sjølv om ein bur i Spania og eins eigen familie er spansk. Ein finn mange ulike måtar å tenke på, seier Ortoga.

Cremades tenkjer det hadde vore kjedeleg å bu i Alfaz del Pi om der berre budde spanske folk.

– Blandinga av forskjellige kulturar og språk gjer alt meir spanande, seier Cremades. 

Høflege nordmenn

Bota fortel at det bur veldig mange nordmenn i hennar nabolag. For henne har det ikkje noko å seie at dei er norske, ho meiner at ein lærer meir ved å bu tett på menneske med andre kulturar.

Cremades har også lagt merke til at det bur mange nordmenn i området, og meiner dei er veldig høflege: 

– Men mange av dei er godt vaksne eller eldre menneske, så då er det kanskje normalt at dei er høflege? spekulerer Cremades.

Det er ikkje berre nordmenn som har funne seg til rette i Alfaz del Pi. Jentene fortel at der også er mange engelske, nederlandske, tyske og danske bebuarar.

Langs strandpromenaden kan ein høyre spansk, fransk, tysk, dansk og norsk. Foto: Emilie Hansen

Dei ulike gruppene distanserer seg frå kvarandre

Sjølv om ungdommane set pris på blandinga av kulturar, fortel dei at på skulen held elevane seg stort sett til sine «grupper».

– Utlendingane er med utlendingane, og dei spanske er med dei spanske. Det er ganske separert eigentleg. Dei ulike gruppene distanserer seg frå kvarandre, seier Cremades.

Bota seier at dette ikkje er tilfelle på hennar skule, der er dei meir blanda uavhengig av kvar ein kjem frå, eller kvar foreldra kjem frå.

Håpar at fleire unge kjem til Alfaz del Pi

Dei tre jentene håpar det kjem fleire unge til kommunen. Dei fortel at no bur det så mange eldre i kommunen, at det følest ut som alt går treigare.

– Av og til er det stressende kor sakte alt går, fortel Ortoga.

Cremades synast det er kjedeleg å bu i kommunen, sidan det er så lite å finne på. Dei to andre venninnene flirar litt, og seier at Alfaz del Pi er ein fin stad å bu. For somme kan det kjennest ut som det er ferie heile året, sidan ein har stranda og mykje sol. 

Venninnegjengen konkluderer med at endå det er fint å bu her, så er det ikkje like kjekt for unge, sidan her er så mange eldre menneske.

– Eg kan anbefale folk å kome hit på ferie eller for å chille ei stund, men eg ville ikkje ha råda folk til å bu her, for det er meir stress. Systema her er dårlege i forhold til andre land, seier Bota.


Vilde Olaussen merkar på reaksjonane ho møter at både hennar nære og samfunnet generelt er interesserte i Nord-Korea og Sør-Korea: – Sjølv om eg framleis får spørsmålet «er det i Nord-Korea eller Sør-Korea du held deg?» innimellom. Foto: Privat