Pikachu krev kolstopp i heimlandet
Aktivistar kler seg ut som Pokémon for å krevje at Japan kuttar kolforbruket sitt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Japan, det er på tide å kutte ut kolet.»
Det var bodskapen frå ei rekkje aktivistar som demonstrerte i Glasgow torsdag, utkledde som Pokémon-karakteren Pikachu.
Landet står ikkje berre for den verdskjende gule figuren, men òg for kring 18,5 prosent av verdas kol-forbruk. Aktivistane legg ekstra press på Japan i samband med COP26, der fokuset torsdag var på energi.
Det var skotske Glasgow Times som først omtalte saka.
Fossil
Japan er blant landa som har lova å verte karbonnøytrale innan 2050, men etter Fukishima-katastrofen som påverka kjernekraftindustrien i landet, har Japan vorte meir avhengig av kol- og gasskraft.
Same dagen som Noreg fekk verstingprisen Dagens fossil frå klimanettverket Climate Action Network (CAN) var også Japan blant mottakarane av den tvilsame æra.
Japan fekk andreplassen i etterkant av at statsminister Fumio Kishida fortalde dei frammøtte i Glasgow at fossile kraftverk er nødvendige for overgangen til fornybar energi.
– Trass i at utfasing av kol er sett som eitt av dei prioriterte måla for dette COP-et, så vil the land of the rising sun halde fram med å bruke kolkraftverk etter 2030 og til og med mot 2050, står det i grunngjevinga.
Samstundes skyt klimanettverket ned håpet om at ammoniakk og hydrogen kan vege opp for dei negative sidene ved å forbrenne fossilt brennstoff.
- Les også: Alt du må vite om klimatoppmøtet COP26!
Storbritannia leier an i kolkutt
Storbritannia, som er vert for årets klimatoppmøte, leier eit initiativ om å fase ut kolet.
Torsdag annonserte over 40 land at dei forpliktar seg til å få fart på overgangen frå «kolkraft-generasjonen», som er«den største enkeltårsaka til den globale temepraturauken».
Landa er samde om å trappe opp produksjonen av fornybar energi raskt, og til å slutte å investere i nye kolkraft både innanlands og i utlandet.
– I dag trur eg vi kan seie at slutten på kolet er i sikte, sa den britiske COP26-presidenten Alok Sharma torsdag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Nokre av dei største aktørane held likevel attende si støtte til iniativet, mellom dei er Australia, Kina, USA og Japan.