Er dette verdas største potet?
Eit par på New Zealand har dyrka det som kan vere den største poteta i verda. Ho veg nesten 8 kilo. Poteta har fått namnet Doug.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Doug har vorte kjendis i området rundt Hamilton på New Zealand, der paret Donna og Colin Craig-Brown 30. august fann den enorme poteta då dei lukte i hagen på garden sin.
Paret har kontakta Guinness World Records for å få Doug godkjend som den største poteta i verda.
Namnet har poteta fått, fordi dei «dug it up».
Meir enn rekorden
Poteta veg 7,8 kilo, medan poteta med den noverande rekorden, funnen i Storbritannia i 2011, vog 5 kilo.
Ekteparet seier at dei ikkje har sett poteter, og at Doug må ha sjølvsådd og deretter grodd i hagen i minst eit par år.
Les også: Kårar Alaskas tjukkaste bjørn – for sjuande år på rad