Kårar Alaskas tjukkaste bjørn – for sjuande år på rad

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.10.2021 21:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Shark Week har fått ein hårete konkurrent, det er nemleg duka for innspurten i årets Fat Bear Week.

Dei siste sju åra har Katmai nasjonalpark hylla brunbjørnane med mest i magen, og difor best utgangspunkt for den komande vinterdvalen. Kven har fanga flest laks i år?

Nasjonalparken i Alaska er heim til kring 2.200 brunbjørnar, og takka vere lakseelvane er dei òg nokre av verdas største bjørnar.

– Fat Bear Week er eigentleg ei feiring av suksess og overleving, sa Liuan Law frå Katmai nasjonalpark til Washington Post førre veke.

Søte, runde bjørnar

Kåringa gjekk av stabelen for første gong i 2014, og har no vorte eit årleg høgdepunkt for mange. Bjørneentusiastar frå heile verda vert inviterte til å stemme fram sin fyldige favoritt blant dei utplukka kandidatane. Det starta som ei eindagshending, men går no føre seg over ei heil veke med fleire utslagsrunder.

2018 fekk konkurransen 55.000 stemmer, medan stemmetalet i fjor hadde stige til heile 650.000.

Candice Rush, talsperson hjå med-arrangør Explore.org, seier til CNN at kåringa let folk feire at det er nok laks i elva til at bjørnane kan nå si optimale form:

– Og kven elskar vel ikkje kor søte bjørnane er når dei vert runde til hausten? spør Rush.

For å førebu seg til vinterdvalen, et bjørnane i Alaska kring 40 kilo fisk, bær, små pattedyr og vegetasjon kvar einaste dag. Dei største kan verte over 450 kilo tunge før dei går i hi.

Kiloane er gode å ha, for bjørnane mister nemleg ein tredjedel av kroppsfettet sitt medan dei tek seksmånadersluren sin.

Kven vinn?

Etter fleire utslagsrunder over den siste veka, står no to kandidatar att i den store finalen: 151 Walker og 480 Otis.

Walker er 14 år gammal, og var visst ein tolmodig type i ungdomsåra sine. No er han derimot vaksen og har vorte meir dominant. Truleg veg han over 454 kilo, og er ein tung konkurrent.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by explore.org (@exploreorg)

Men kanskje er det alder før skjønnheit i år? Otis er nemleg ein gammal ringrev. Han vann den aller første kåringa av tjukkaste bjørn, og har henta heim tittelen yttarlegare to gongar. Han er ein tolmodig fiskar, men har teknikken inne, så han får fatt i dei fleste laksane han prøvar seg på.

Får han fatt på førsteplassen også ein fjerde gong?


Foto: Colourbox, kollasj Framtida.no