«Er det eit menneskerettsbrot at HRS mistar statsstøtta?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget er eit uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.

Det blir påstått at forslaget bryt med menneskerettane. Politikarar eit stykke til høgre har brukt harde ord. FrP-politikaren Christian Tybring-Gjedde gjekk så langt som å kalle det «Regjeringens kamp mot frihetsverdiene.»

Skjermdump frå Christan Tybring-Gjedde sin Facebook-profil.

Det er utruleg viktig at vi ser argumentasjonen, og veit å svare for den.

No som saka har roa seg, kan vi ta eit steg tilbake og lettare sjå kva som har skjedd.

Her er ein kommentar på mediedramaet rundt HRS.

Kven er HRS?

Human Rights Service er, i ordets mest rause forstand, ei nettavis. Leiaren skildrar dei som «en politisk tenketank». Dei er å finne ute til høgre, og mens følgjarane deira gjerne skildrar dei som «vaktbikkje», og «ei av få som er opptatt av sanning», vil motstandarane bruke ord som «innvandringsfiendtlege» og «islamkritiske».

I fjor fekk dei 1,8 millionar i statsstøtte, og sjølv om ein godt kan skjøne kvifor det er trasig å miste denne støtta, så er det viktig at vi forstår kvifor det ikkje bryt med nokre rettar.

Eg får ikkje statsstøtte

For det første er det eit argument ein kan høyre at «HRS kan ikkje få statsstøtte, men islam får det?». Mange fell for denne «urettferda», men dei blir lurt. I Noreg har vi støtte til trussamfunn. Difor får islam støtte. Men HRS er ikkje ein religion. Samanlikningsgrunnlaget gir difor ikkje meining. Sjølve premissen er feil.

Vidare er det mange som seier at støttekutt er innskrenking av ytringsfridomen. Hege Storhaug, informasjonssjefen for HRS, blei sitert i mange medium på dette: «Dette er skammens dag fordi det handlar om å kneble ytringsfriheten.»

Det er viktig at vi skjønar kor ulogisk grunnlaget i denne argumentasjonen er:
Viss det er innskrenking av ytringsfridomen å kutte statsstøtta, så betyr det at alle som ikkje får støtte frå staten blir undertrykte. Ifølge denne argumentasjonen blir sjølv eg undertrykt, sidan eg ikkje får statsstøtte.

Det å ikkje få betalt for å dele meningane sine er ikkje knebling av ytringsfridomen. Eg kan fortsett skrive ein sint Facebook-status, eller gå ut på trappa og hyle ein monolog mot hunden på nabotomta. Eg vil kanskje få nokre naboklagar… kanskje eg berre burde diskutere med nokon over ein kopp kaffi i staden.

Poenget mitt er at HRS fortsett har lov til å ytre seg. Dei får berre ikkje pengar for det. Det er utruleg viktig å anerkjenne betydninga av forskjellen her.

Ytringsfridomens grenser

For min del toppa det seg då HRS meldte inn Faktisk.no til PFU (Pressens faglige utvalg), for innskrenking av menneskerettane. HRS var nemleg misnøgde med at dei blei faktasjekka, og meinte at dette braut mot retten til å ytre seg.

Skjermdump. Her er eit utval av overskrifter frå HRS. Faktisk er det omtrent like mange treff på «Faktisk.no» hos HRS som det er på «Human Rights Service» hos Faktisk.no.

Retten til å ytre seg inneber ikkje retten til å stå uimotsagt. Det er utruleg viktig å vere klar over dette. Dessutan er ikkje alle som seier i mot deg ute etter å ta frå deg dine fundamentale rettar.

Det er også viktig å påpeike at vi faktisk ikkje har absolutt ytringsfridom i Noreg.

«Det finnes flere lovfestede begrensninger i ytringsfriheten, som forbud mot å fremsette trusler, ærekrenkelser, privatlivskrenkelser, trakassering og grovt pornografiske, diskriminerende og hatefulle utsagn.»

Det finst faktisk også grunnlag for å drive sensur til ein viss grad, dersom det er nødvendig å beskytte barn og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete.

Kort sagt; individet si ytringsfridom stoppar i det ho får ut over andre menneskes rettar.

Ikkje knebla

Menneskerettane har alltid vore under press. Vi må kjempe for dei, og difor er det nødvendig å skjønne kva dei går ut på. Det er nødvendig at vi forstår kvifor HRS ikkje blir utsatt for noko slags menneskerettsbrot.

Ein kan godt meine at budsjettet er gjerrig. At kuttet i støtta er unødvendig. Men å kalle det brot på ytringsfridomen er å dra det for langt. Og det er kanskje litt rart å stå i media og seie at ytringsfridomen din blir knebla. Berre eit lite tips.