Fotballspelar Collin Martin vart hetsa for å vere skeiv – lagkameratane gjekk av banen i protest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Collin Martin som er ein open homofil spelar vart kalla eit homofobisk skjellsord og San Diego går av banen, seier kommentatoren.

I klippet ser ein korleis heile San Diego Loyals set seg ned på kne og går av banen i protest, rett etter avspark i andre omgang.

Dommarforvirring

Hendinga skjedde onsdag 30. september, då San Diego Loyals møtte Phoenix Rising i USL Championship.

Oppspelet til hendinga skal ifølgje Collin Martin vore at motspelar Junior Flemmings kalla han «Bati Boy», som er eit homofobisk skjellsord.

Då Martin informerte dommaren om hendinga fekk han først raud kort, fordi dommaren misforstod. Dette gjekk seinare til trenaren hans, som entra banen.

I pausen kan ein sjå korleis ein tydeleg opprørt trenar for San Diego Loyals, Landon Donovan, diskuterer med dommaren og trenaren for Phoenix Rising:

Då misforståinga vart oppklara fekk Martin kome tilbake på banen, men laget var ikkje nøgd med måten lagkameraten vart behandla på og gjekk difor av banen i protest.

Martin: – Ein lang veg å gå

I eit innlegg på Instagram forklarar Martin at dette ikkje er første gong han har høyrt dette homofobiske skjellsordet, men at det er første gong i hans åtte år lange fotballkarriere at han har fått det slengt etter seg under ein kamp.

25-åringen hyllar lagkameratane for deira kollektive avgjersle om å gå av banen i solidaritet.

– Eg håpar dette kan vere endå eit døme på at me har ein lang veg å gå når det kjem til å opplyse oss sjølv og sparke hatet ut av spelet vårt, avsluttar han innlegget.

Flemmings nektar for skuldingane

Også i sin førre kamp valde San Diego Loyals å gå i protest mot behandlinga av ein av sine spelarar. Den gong var det rasistiske skjellsord og i ettertid har LA Galaxy II kutta kontrakten med Omar Ontiveros som følgje av hendinga.

I eit innlegg på Twitter benektar Junior Flemmings at han har kasta homofobiske skjellsord etter Collin Martin.

– Eg er skuffa over San Diego sine handlingar ettersom eg er blitt dårleg behandla og latterleggjort på nett utan noko høve til å forsvara meg, skriv Flemmings.

Stillinga mellom dei to laga var 3-1 til San Diego Loyals, før dei gjekk av banen.

I eit utsegn frå USL Championship skriv dei at dei har sett i gong ei undersøking for å finne ut av kva som har skjedd.

Negative haldningar på utanfor banen inspirerer Isabelle Arthur (16) og lagvenninnene i Central California Soccer Alliance til å kjempa hardare. Foto: Andrea Nøttveit