– Skoa vi har skapt med Adidas er dristige og unike, og eg kan knapt vente til å ha dei på meg når eg trer inn på bana, seier Paul Pogba i ei pressemelding.
Saman med moteskapar Stella McCartney har Manchester United-spelaren designa dei kjønnsnøytrale fotballskoa Adidas Predator Freak.
Skoen er i tillegg den første 100 prosent veganske skoen frå Adidas, og er laga med resirkulerte materiale.

- Les også: New Zealand bryt med trollmannen sin
Mote på og utanfor bana
Idéen sprang ut frå ein samtale McCartney og Pogba hadde då dei møttest i Youtube-serien The Huddle, laga av Adidas.
Stella McCartney fortel at inspirasjonen vart vekt då ho høyrde kor lidenskapeleg oppteken Pogba var av mote, og innsåg at dei to eigentleg hadde mykje til felles:
– Ein kommentar som eg beit meg merke i, var korleis mote er ein del av personlegdomen hans både på og utanfor bana, så det var viktig at det skinte gjennom i designet, fortel McCartney i pressemeldinga.

Machester United-profilen fortel at endå han først og fremst er fotballspelar, så har han også ei stor interesse for mote og design, som han omsider har fått høve til å utforske.
– Det var midt i lockdown og eg sakna skikkeleg å spele fotball, så det var ei utruleg kjensle å vere i stand til å fokusere på noko som kombinerer min kjærleik for idretten med lidenskapen min for stil, seier Pogba om samarbeidet.
Moteskaparen skildrar samarbeidet som ei morosam oppleving, og at skoen syner korleis ein kan ta omsyn til planeten samstundes som ein held fram med å skape.
- Les også intervjue med den unge designaren Marie Murby (19), som vil vise at slow fashion kan vere dritkult: – Eg har lyst til å vere med på å endre det synet folk har på mote.