Jennie Sofie vil hjelpa andre å takla kjærleikssorg: – Alt vil bli bra att

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 05.10.2021 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste eg har lært, er at alt vil bli bra att. Eg får ikkje sagt det nok – eg ville ikkje vore forutan kjærleikssorga. Ho gjorde meg til eit betre medmenneske og ho gjorde meg sterk, seier Jennie Sofie Lie Pickl.

20-åringen frå Nesodden vart kjent gjennom NRK-serien Jenter, då ho var 13 år gammal. I dag har ho heile 280.000 følgjarar på Instagram og 315.000 på TikTok.

For to år sidan opplevde ho å gå gjennom eit brot med sin dåverande kjæreste. Då ho valde å vera open om det til følgjarane sine, tok det ikkje lang tid før spørsmåla rann inn.

Både for dei stormforelska og dei med hjartesorg

– Eg laga ein video der eg svara på ein del spørsmål og publiserte han på YouTube. Eg vart overraska over kor mykje videoen vart sett, og at eg ikkje fekk ein einaste negativ kommentar.

Jennie Sofie har erfart at til og med når hjarta kjennest knust for alltid, så går livet vidare. Omslag: Vigmonstad & Bjørke

Då ho hadde fått brotet litt på avstand, kjende ho at ho var klar for å snakka ut.

Resultatet er boka «Mitt nakne hjerte». Her får lesarane innblikk i Jennie Sofie sin første, store kjærleik. Dei får også vita korleis ho kom seg over den.

Pickl fortel at det var både vanskeleg og fint å gå gjennom eit offentleg brot. Det var vanskeleg at folk skulle meina og spekulere så mykje om brotet.

– Samtidig var det ein styrke å få så mange hyggelege og støttande meldingar. Kjærleiken frå følgjarane mine var enorm.

Har ikkje fasiten, men tips og råd

20-åringen fortal at ho med boka vil vere ei venninne for andre som opplever kjærleikssorg.

– Denne boka er eit svar til alle dei som framleis sender meg spørsmål etter at det har blitt slutt med kjærasten. Det er ei bok til dei som vil førebu seg på kva det vil seia å bli stormforelska.

Jennie Sofie fortel at ho fekk mykje kjærleik frå følgjarane sine, då ho var open om brotet og kjærleikssorga. Foto: Privat

Ho håpar at den kan vera ei slags trøst og støtte til dei som står midt i kjærleikssorga, men også at den kan gi håp.

– Eg har ikkje fasiten på korleis ein skal koma seg gjennom kjærleikssorg, men eg kan komma med tips og råd. Eg fann jo kjærleiken att, noko eg på det tidspunktet aldri trudde ville skje.


Har du kjærleikssorg?

Dette er Jennie Sofie sine beste tips for å komma seg vidare:

  • Finn tilbake til deg sjølv. No kan du endeleg gjera akkurat det du vil – utan å tilpassa deg ein annan person.
  • Bruk tid på dei du er glad i.
  • Gjer ting som gir deg glede.
  • Finn nye hobbyar!

Petter Aaberg og Sverre Kvamme byrja å lage dokumentar saman etter at Aaberg freista å ta sitt eige liv. Foto: Stillbilete frå dokumentaren.