Johannes Nymark har skrive ei djupt interessant bok om fotballklubben FC Barcelona og det katalanske samfunnet.

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva plass har eigentleg fotball i samfunnet? I boka Barça: i kamp sidan 1899 undersøkjer Johannes Nymark fotballklubben FC Barcelona si rolle i det katalanske samfunnet.

Sjølv er Nymark førsteamanuensis emeritus ved Noregs handelshøgskole. Historia, kulturen og samfunnet i Spania og Latin-Amerika, og det spanske språket er hans spesialfelt.

Meir enn ein klubb

Fotball og andre idrettar fellesskap. Forfattar John Green har fleire gongar skrive og snakka om dette: I ein fotballklubb har kjærleiken til fansen eit felles mål. Det formar sterke band og tilhøyrsle – det kan likna på felleskapet i ei kyrkje.

Ein blir ein del av ein stor gjeng – ein familie. Medlemane kan oppleva å vera del av eit felles «oss».

Fotball er ein konkuranse. Det finst ikkje berre eit «oss», men òg eit «dei». Plutseleg er menneske blitt delte opp i grupper.

Når ein les Barça: i kamp sidan 1899 er det lett å sjå fotballklubben FC Barcelona er ei slik gruppe. FC Barcelona handlar om så mykje meir enn idrett!

Catalonia

Det er særleg den katalanske identiteten fotballklubben er knytt til – særleg kjensla av å vera ein særeigen underdog. Klubben har bygd stoltheit og samhald blant katalanarane.

Ikkje minst har FC Barcelona vore ein viktig del av den katalanske opposisjonen mot det spanske storsamfunnet. Motkultur er viktig i historia til klubben. Nymark har fleire døme – blant anna «var Barça ein viktig ingrediens i den allmenne kulturelle, sosiale, religiøse og politiske motkluturen mot [Franco-]regimet. Katalanarane var først ute i den organiserte kulturelle motstandskampen mot diktaturet.»

Ein raud tråd gjennom boka er spørsmålet om ein kan skilja idrett og politikk. Er fotball noko meir enn uskuldig leik? Nymark har eit godt tvisyn. Sjølvsagt er fotball sterke kjensler, entusiasme og temmeleg lite rasjonelt. Men det er òg maktkamp, ideologi og eit spørsmål om verdiar.

Idrett er ein sentral del av samfunnet vårt. Me kan ikkje lata som om stjerner og leiarar i idretten ikkje har eit stort ansvar. Idrett kan ikkje vera upolitisk.

Nørding er alltid kult!

Nymark har gjort eit framifrå arbeid. I form og stil minner Barça: i kamp sidan 1899 om eit essay – slentrande, men full av intellekt og spennande idéar. Heseblesande anekdotar og små detaljar bli vovne saman til eit oversiktleg bilete. Nørding er alltid kult!

Det er heller ikkje tvil om Nymark har eit godt lag med pennen sin. Formidlingsevna er høg, alt han skriv er forankra i solid kunnskap og eit godt kildearbeid. Nymark tenkjer klart og grundig – det er ein fryd å lesa!

Les utdrag av boka her:


Tonje Strand Paulsen driv med ein sport som er ulovleg å konkurrera i på profesjonelt nivå i Noreg. Foto: Privat.

Fakta

  • Tittel: Barça: i kamp sidan 1899
  • Forfattar: Johannes Nymark
  • Forlag: Samlaget
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Sakprosa