Unge på TikTok oppfordrar kvarandre til å gjera butikktjuveri for å straffa butikkjeder som dei tenkjer har «dårlege verdiar».
Janne Nerheim
Janne Nerheim
Fakta om nasking
  • Å naska er eit mindre alvorleg lovbrot enn eit tjuveri. Det betyr at det blir rekna for å vera nasking dersom ein har stole noko av mindre verdi. Det er opp til politiet å bestemma kor grensa går for kva som er nasking og kva som er tjuveri.
  • I snitt har nesten 1 av 10 på ungdomsskulen naska frå ein butikk, ifølgje Ungdata-undersøkinga.
  • Forskjellane er store. I nokre kommunar svara heile 1 av 5 av dei som vart spurt, at dei hadde naska.
LES FAKTALUKK FAKTA

Saken stod først publisert i framtidajunior.no. Der kan du også lese om filminnspeling i verdsrommet, om massive tre som blir pakka inn med teppe for å redde dei, og at du kan game med politiet.

Nettstaden Vice skriv at anonyme kontoar, som ofte er drivne av tenåringar, oppfordrar barn og unge til å drive med nasking og steling i butikkar.

Målet med desse TikTok-kontoane er å skade store kjedebutikkar. Dei legg ut innlegg med informasjon om korleis ein kan stela og kva butikkar ein bør stela frå.

#borrowing skjer også i Noreg

Politiet på Heimdal i Trondheim har allereie hatt fleire saker der unge har stole frå butikkar inspirert av TikTok-trenden.

– Barn og unge opplever eit press på sosiale medium, og gjerne då TikTok. Dei blir oppfordra til å utføra ei «utfordring» som handlar om å stela frå butikkar, fortel politibetjent Oda.

Foto: Skjermdump / TikTok

Politiet opplever at barn heilt ned i 9-årsalderen naskar på butikkar.

– Det er vanskeleg for ein 7-13-åring å takla eit slikt press. Kanskje føler ein at ein må gjera ei slik handling for å bli godteken i gjengen. Eller kanskje blir ein utfordra av barn som er litt eldre, seier Oda.

Opplever meir nasking blant jenter

Problemet med nasking i butikkar er størst blant jenter, opplever Oda.

– Me opplever at det er meir tjuveri og nasking blant jenter, men det vil ikkje seia at jenter generelt begår fleire lovbrot enn gutar. Dei yngste vi har vore i kontakt med har vore heilt ned i 9-årsalderen, fortel Oda.

Kva skjer dersom du er 15 år eller eldre?

– Då kan du bli straffa med bøter, og hendinga vil bli registrert i politiattesten din, fortel politibetenten.

Som regel må ungdommen saman med foreldre/ føresette møta til avhøyr på politistasjonen. I enkelte tilfelle kan ungdommen få ei påtaleunnlating, altså at hendinga er straffbar, men at påtalemakta ikkje vel å gi ei straff.

Ein reaksjon kan òg vera at ein må møta butikkeigar/seljar i eit konfliktråd. Då får ein snakka ut om hendinga, og det kan ofte kjennast godt for ungdommen dersom ein angrar seg. Då får ein høve til å be om unnskyldning.

– Ein annan reaksjon er at ein får noko som heiter påtaleunnlating med vilkår om ungdomsoppfølging/ ungdomsstraff. Det føreset at ein har tilstått handlinga og samtykker til ein slik dom. Dette er ofte som eit alternativ til bøter/ fengselsstraff, forklarar Oda.

Ho minner om at det også er viktig å tenka på at ein kan få problem med å komma inn på studie, eller få den jobben ein ønskjer dersom jobben krev tryggingsklarering.

Vil straffa kjedebutikkar

Vice har snakka med Destiny (16) som har over 25.000 følgjarar på TikTok-profilen sin @borrowingguid3. Ho meiner det er urettferdig at store selskap har kontroll på mykje av marknaden, og små uavhengige selskap så lite. Ho meiner at butikktjuveri frå kjedebutikkar er ein kamp mot urettferda.

– Me har så mange selskap som ikkje bryr seg om kundane sine, berre tener pengar. Viss me kan straffa selskapet, føler me at me har gjort vårt, seier ho til Vice.

Foto: Skjermdump / TikTok

Fleire brukarar på TikTok går imot trenden og meiner at butikktjuveri i lita grad skadar store selskap. I staden går det utover butikkarbeidarar som blir trekt i lønn for tjuveri under vakta deira.

Kva skjer dersom du som er under 15 år blir tatt?

Dersom du er under 15 år og har vorte tatt for butikktjuveri ønskjer butikkane likevel ofte å melda saka til politiet. Dette gjer dei sjølv om du er under den strafferettslege alderen. Det som oftast skjer då er at du må møta hos politiet saman med foreldra dine og gjennomføra ein bekymringssamtale. I nokre tilfelle kan barnevernet bli kontakta, dersom politiet ser det som nødvendig. Skulen kan òg bli kontakta.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com. Kollasj: Framtida.no
Oppdatert: sundag 17. oktober 2021 19.55
ANNONSE