Herman (12) har kasta frisbee heile livet: – Målet er å bli verdas beste

Herman Bentzen Hinkel starta med å kasta frisbee allereie då han var eitt-to år gamal. No har han planen klar for korleis kan kan bli så god som mogleg i frisbeegolf.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Jennie Sofie som vil hjelpa andre å takla kjærleikssorg.

– Eg trenar mykje, og så reiser eg rundt i Noreg for å spela store turneringar. Planen min framover er å prøva å bli betre for kvar dag som går. Eg var nettopp på leirskule, og då var eg ei veke utan frisbeegolf. Det var ikkje gøy, seier Herman Bentzen Hinkel (12).

Framtida Junior møter han og pappa Mats på Ekeberg i Oslo. Dei flate fotballbanene er ein perfekt øvingsarena for frisbeegolf.

– Det er ein sport som har mykje golf i seg. Målet i begge sportar er å prøva å treffa eit hol eller ei korg på færrast mogleg kast. I frisbeegolf treffer me ei korg i staden for eit hol og brukar armen i staden for ei kølle, forklarar Hinkel. 

Ung sport: Frisbeegolf er ein ung sport i Noreg.– Her i Noreg har folk drive med frisbeegolf i maks 30–40 år. Banen på Ekeberg er frå 1984, og det er den eldste banen me har i Noreg, seier Herman Bentzen Hinkel. Foto: Marte Husabø

Ein sport som passar for alle

12-åringen fortel også at det er ein sport der du ikkje treng mykje utstyr. Folk i alle aldrar kan ha glede av å driva med sporten.

– Du treng to-tre diskar. Og så er det veldig viktig med gode sko, fordi det blir mykje gåing.

Gåinga kjem av at sporten blir spelt på store baner, der det er 9 eller 18 hol som deltakarane skal treffa. Det er om lag 300 slike baner i Noreg – eit tal som har auka veldig dei siste åra. Herman Bentzen Hinkel seier at han trur korona-pandemien er mykje av grunnen til det.

– Det har vore ein av dei få sportane som har vorte mogleg å spela, sidan det går fint å halda avstand og vera ute.

Over 100 meter: – Når du først klarer å få ein disk til å flyga så langt eg greier no, er det veldig fascinerande, seier Herman Bentzen Hinkel og legg til at han greier å kasta ein stad mellom 110 og 120 meter. Foto: Marte Husabø

Viktig å terpa på teknikken

12-åringen frå Oslo har allereie bestemt seg for at han skal bli skikkeleg god i frisbeegolf. For å få til det, er det viktig å terpa på teknikken. Hinkel fortel at frisbeegolf er ein sport der alle spelarane har ulik teknikk. Nettopp det er mykje av grunnen til at han synest det er ein spennande sport.

– Eg brukar mykje tid på å utforska min eigen teknikk. Eg har blitt mykje betre på å sjå på andre som spelar frisbeegolf på YouTube, seier han og legg til: 

– Målet er å bli verdas beste. Det kan jo henda at når eg blir over 18 år, så er frisbeegolf blitt ei OL-grein. Kven veit – då blir kanskje målet mitt OL-gull også.

Foto: Marte Husabø


Silje Opseth fortel at Vikesundbakken er omlag 60 meter større enn dei bakkane ho hoppar i til vanleg. Men sjølv om det er større krefter inne i biletet er ho ikkje redd. Ho vil hoppe her ein gong, og håper at jenter snart kan få lov. Foto: Karine Jonsrud Pedersen