Frå 338. plass til førsteplass i ei av verdas største tennisturneringar

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om kvalrossen som ikkje vil heim og om den raskaste muskelen i kroppen

– Eg visste at eg måtte grava djupt, men at eg kom til å halda meg roleg i dei tøffe periodane av finalen, sa Emma Raducanu (18) til arrangøren av US Open etter den sensasjonelle sigeren.

US Open er ei av dei største tennisturneringane i verda, og finalen vart spela mellom Leylah Fernandes og Emma Raducanu. Dei to var rekna som nummer 73 og 150 i verda før kampen starta, skriv VG.

Førebilder for den kommande generasjonen

Begge finalistane er fødde i same år. Fernandes fylte 19 år for ei veka sidan, medan Raducanu har bursdag i november.

– Eg håpar at den komande generasjonen kan følgja i fotspora til legendene som spelar tennis no, sa ho då ho mottok premiesjekken på to og ein halv million dollar.

Før finalen starta, fortalde ho om styrken sin no når ho tek steget opp og fram i tennisverda.

– Å vera ung – det er ein del av deg som gjer at du er heilt fri.


Silje Opseth (22) hadde sju pallplassar i Verdenscupen i førre sesong. No vil ho på toppen av pallen. Foto: Karine Jonsrud Pedersen

US OPEN

  • Den fjerde og siste av dei årlege Grand Slam-turneringane i tennis.
  • Blir spelt på USTA Naional Tennis Center i Queens, New York.
  • Vart arrangert for første gong i 1881.