Har ikkje fasiten, men tips og råd
20-åringen fortal at ho med boka vil vere ei venninne for andre som opplever kjærleikssorg.
– Denne boka er eit svar til alle dei som framleis sender meg spørsmål etter at det har blitt slutt med kjærasten. Det er ei bok til dei som vil førebu seg på kva det vil seia å bli stormforelska.
Ho håpar at den kan vera ei slags trøst og støtte til dei som står midt i kjærleikssorga, men også at den kan gi håp.
– Eg har ikkje fasiten på korleis ein skal koma seg gjennom kjærleikssorg, men eg kan komma med tips og råd. Eg fann jo kjærleiken att, noko eg på det tidspunktet aldri trudde ville skje.
Har du kjærleikssorg?
Dette er Jennie Sofie sine beste tips for å komma seg vidare:
- Finn tilbake til deg sjølv. No kan du endeleg gjera akkurat det du vil – utan å tilpassa deg ein annan person.
- Bruk tid på dei du er glad i.
- Gjer ting som gir deg glede.
- Finn nye hobbyar!
- Les også om filmskaparane som vil bryte ned tabuet knytt til psykisk helse: – Shit, det er flaks at eg er i live